
– Me må berre ta på dei langsiktige brillene
Osland-konsernet har avgrensa eksport til USA, men blir likevel påverka av den nye importtollen. – Me har stor tru på ørretmarknaden, seier Erik Osland.
President Donald Trump har innført ein 15 prosent toll på norske handelsvarer, blant anna sjømat. Trass i at denne tollsatsen no er sett på pause i 90 dagar for nokre land, er det uvisst kva som skjer vidare for Noreg sin del. Norsk sjømatnæring følgjer utviklinga tett, og fleire aktørar peikar på både direkte og indirekte konsekvensar.
Erik Osland, administrerande direktør i Osland-konsernet, seier til Kyst.no at dei ikkje har stor eksport til USA.
– Men som ein del av Seaborn blir me sjølvsagt påverka fordi USA er ein stor marknad for eksportselskap. Våre uttalelser blir difor det same som Frank Yri har opplyst tidlegare til Kyst.no, seier Osland.
– Dårleg nytt
Frank Yri, eksportdirektør i Seaborn, har uttalt at tollinnføringa til USA skaper uro.
– Dette er dårleg nytt for alle som jobbar tett med det amerikanske marknaden. Det er frykteleg utfordrande, og skaper mykje usikkerheit rundt konkurransekrafta vår og prisnivået i marknaden framover, sa Yri.
Kan føre til marknadsendringar
Osland understrekar at sjølv produsentar som ikkje har hovudfokus på det amerikanske marknaden kan bli råka, viss andre aktørar flyttar eksportvolum.
– Sjølv om me ikkje sel så mykje aure til USA vil eventuelt straffetoll påverke marknaden dersom dei andre aureprodusentene i Noreg eller andre land må flytte volum til andre land. Då vil det påverke marknaden som me har fokus på.
Moglegheiter ved flytting av volum
Sjølv om Osland ser utfordringar, meiner han marknadsendringane også kan gi rom for nye moglegheiter.

– Så vil USA kanskje prioritere kjøp av chilensk aure og som igjen vil gje oss ein moglegheit dersom volumet deira blir flytta frå f.eks. Asia til USA. Det er vel slik marknaden alltid har fungert.
Trur på auren på lang sikt
Trass i marknadsuroa held Osland fast ved trua på auren som eksportvare.
– Me har stor tru på auremarknaden på langsikt så me må berre ta på langsiktige briller og halde god berekraftig produksjon.
Osland meiner det er viktig at norske myndigheiter jobbar tett opp mot sentrale handelsland.
– Me forventar at norske myndigheiter har gode kontaktar på høgt nivå både i USA og andre land for å sikre marknadstilgong.
Han viser til fleire møter under sjømatmessa i Boston.
– Når me var i Boston-messen fekk me snakka med både Fiskeriminister og ambassadør Hvidtfelt, som begge seier at sjømat er den viktigaste og prioriterte handelsvara mellom våre to land.