Ny drift og nye arbeidsplassar til Sagvåg
Sist månad var det slutt på drifta ved Norstec i Sagvåg på Stord, men det betyr ikkje at det heile er over. BK Marine som eig anlegget har fått inn Austevoll Marine Group som leigetakar, noko som gjev nye arbeidsplassar til lokalsamfunnet og regionen.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Austevoll Marine Group som har hovudkontor i Bekkjarvik bygge mellom anna arbeidsbåtar og etableringa i Sagvåg betyr at alle framtidige tekniske installasjonar vil bli gjennomført lokalt. Råbygg med montering av motor og propell skal fortsatt gjerast på verft i Polen eller Estland. Men så blir båtane frakta til Sagvåg og Stord for å få gjennomført resterande installasjonar. Dette inneber at selskapet vil få behov for meir arbeidskraft i tida som kjem.
– Det finst ein base med tilgjengeleg arbeidskraft i området som kan offshoreindustri og skipsindustri, og det har vi tenkt gjere oss nytte av, seier Jan Henning Legreid i AMG. Han legg til at dei også vil samarbeide med BK Marine, både innan båtbygging, ved utsetting av røyrgater og når det gjeld andre prosjekt.
Vil både eige og leige
I første runde vil selskapet ha behov for kompetanse innan elektro, platearbeid og skipsbygging. Men AMG har også ei røyrteknisk avdeling i same området som leverar til havbruksnæringa, og her treng dei folk innan PE-sveising og røyrlegging, i tillegg til generell handtverkar kompetanse.
-Vi håpar å få ein synergieffekt slik at vi kan gjere nytte av kompetansen på begge avdelingane, men på områder vi ikkje dekker sjølve, vil vi leige tenester frå industrien rundt oss, seier Legereid.
Fleire bein å stå på
Valet om å satse i Sagvåg vart tatt fordi selskapet ønskjer å ha fleire bein å stå på, og ein ser heilt klart at det vil bli behov for å få gjennomført service og reperasjonar lokalt, noko som vil komme i tillegg til aktiviteten knytt til nybygg. For AMG er det også heilt naturleg å tilsette folk frå lokalmiljøet og regionen.
Operera i verdas største matfat
AMG er med i den maritime klynga, NCE Maritime Cleantec, som tilfører gode kunnskapar og gjennomføringsevne i FoU prosjekter. Alle båtleveransane er godt forankra i konseptet med «matbåten» som i praksis inneber at dei skal vere enkle å halde reine fordi dei operera i verdas største matfat.
Bildetekstar
1)Etablering i Sagvåg betyr at alle framtidige tekniske installasjonar vil bli gjennomført lokalt, seier Jan Henning Legreid i Austevoll Marine Group (AMG).
2)Samarbeidet med BK Marine og overtakelsen av Norstec sitt gamle anlegg i Sagvåg på Stord gjev Austevoll Marine Group fleire bein å stå på. Lokal og regional arbeidskraft vil stå i fokus når selskapet skal tilsette nye folk.