Fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth, forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch og landbruks- og matminister Geir Pollestad mottok mål for samfunnsoppdraget om berekraftig fôr.

Foreslår tre mål for bærekraftig fôr

Regjeringa mottok i dag forslag til tidfesta mål frå den operative gruppa knytt til arbeidet med det målretta samfunnsoppdraget om berekraftig fôr.

Publisert Sist oppdatert

Matsikkerheita er under press som følgje av folkeauke, auka press på areal og ressursar, klimaendringar og meir usikre forsyningsliner. Tilgang på trygt og sunt fôr med låge klimagassutslepp er ein føresetnad for berekraftig matproduksjon. Regjeringa har derfor lansert eit målretta samfunnsoppdrag for berekraftig fôr som samlar næringsaktørar, avgjerdstakarar og forskingsmiljø i eit blågrønt utviklingsarbeid.

- Gjennom samfunnsoppdraget har vi sagt at alt fôr til oppdrettsfisk og husdyr skal kome frå berekraftige kjelder. Nå har vi fått forslag til tidfesta mål som kan få oss dit. Eg ser fram til å sjå nærmare på forslaga og ta dette vidare, seier fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth i ei pressemelding frå  Nærings- og fiskeridepartementet (NFD).

Konkrete mål

Den operative gruppa foreslår tre mål, med tilhøyrande delmål:

  • redusere klimagassutslepp og bevare naturmangfald
  • auke forsyningssikkerheten
  • utvikle ein sterk fôringrediensindustri i Noreg

- Målretta samfunnsoppdrag er ein ny måte å løyse komplekse problem på. Her kan Noreg ta ei leiarrolle i arbeidet med å sikre at alt fôr til husdyr og oppdrettsfisk skal kome frå berekraftige kjelder. Eg har stor tru på denne måten å rette søkelyset mot ei utfordring, og koordinere innsatsen frå mange sektorar mot eit felles mål. Slik tar vi forsking og kunnskap i bruk for å skape reell endring, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch.

Store utfordringar, store mogelegheiter

Dei skriv at dei Sglobale matsystema står for over ein tredjedel av dagens klimagassutslepp. Produksjon av fôr til fisk og husdyr utgjer ein vesentleg del av desse utsleppa. Fôr til fisk står for over 70 prosent av klimagassutsleppa i havbruksnæringa, knytt til produksjon, foredling og transport. Samtidig blir over 90 prosent av fôrråvarene importert. Når det gjeld fôr til husdyr, speler gras og beite ei viktig rolle. Samtidig er rundt 45 prosent av kraftfôret importert.

- Regjeringa ønskjer å auke sjølvforsyninga av norske jordbruksvarer og utvikle ein meir berekraftig matproduksjon med lågare klimagassutslipp. Auka bruk av lokale og meir berekraftige fôrråvarer til fiskefôr og kraftfôr til husdyr vil vere viktig for å redusere presset på klima og miljø, for ei grøn omstilling i norsk matproduksjon, og omsyn til beredskap, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad.

Fakta: Målretta samfunnsoppdrag

Målretta samfunnsoppdrag er nyskapande og ambisiøse prosjekt der forsking blir kopla saman med andre verkemiddel for å løyse konkrete problem innan ein gitt tidsfrist. Noreg deltek allereie i EU sine samfunnsoppdrag, og regjeringa har lansert to nasjonale samfunnsoppdrag på prioriterte område:

  • berekraftig fôr
  • inkludere fleire barn og unge i utdanning

Samfunnsoppdraget for berekraftig fôr inneber eit samarbeid mellom Nærings- og fiskeridepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Klima- og miljødepartementet og Kunnskapsdepartementet.

Les meir om samfunnsoppdraget her: Berekraftig fôr (forskningsradet.no)