Forskingsmidlar til Jørstad Marin AS og Biomega AS
Regionalt forskingsfond Vestlandet gir 26,3 millionar kroner til nye forskingsprosjekt i landsdelen. Jørstad Marin AS får midlar til å utforske moglegheitene for kommersielt teinefiske etter sjøkreps og djupvassreker på Vestlandet. Biomega AS får støtte til utvikling av ein prosessteknologi som kan utnytte essensielle næringsstoff i laksebein.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Styret i Regionalt forskingsfond Vestlandet (RFF Vestlandet) har vedtatt å løyve 26,3 millionar kroner til elleve nye og spennande forskingsprosjekt i næringsliv og offentleg sektor i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane.
- Også denne gongen har vi fått mange, gode og varierte søknader. Alle som har fått støtte, skårar høgt på forskingsinnhald og innovasjonspotensial og tek opp problemstillingar som er viktige for vekst og utvikling i landsdelen vår, seier Åshild Kjelsnes, fylkesvaraordførar i Sogn og Fjordane og styreleiar for RFF Vestlandet.
- Med denne tildelinga passerer fondet 200 millionar kroner i løyvde midlar sidan oppstarten i 2010, og eg trur det er heva over tvil at vi har bidratt til å utløyse viktige forskingsdrivne innovasjonsprosjekt som elles ikkje ville vorte realiserte, seier Kjelsnes.
Utnytting av næringsstoff frå laksebein
Mykje av restråstoffet frå lakseoppdrettsnæringa vert nytta til produksjon av fiskeolje og dyrefôr, men verdifulle næringsstoff som finst i fiskebein – mellom anna mineral og protein – vert i liten grad brukt fordi dei er tungt fordøyelege. Fiskebein inneheld særleg mykje fosfor; eit essensielt mineral som er ikkje-fornybart og finst i avgrensa omfang globalt.
Sjølv om lakseoppdrett er ei stor næring i Noreg og interessa for totalutnytting av marint restråstoff er stor, er det så langt ingen norske aktørar som arbeider med verdiskaping knytt til næringsstoff frå fiskebein. No får Biomega AS 1,5 millionar kroner til eit forskingsprosjekt der målsettinga er å utvikle ein prosessteknologi som kan auke utnyttinga av essensielle næringsstoff i laksebein. I samarbeid med matforskingsinstituttet Nofima skal Biomega også prøve å utvikle nye marine ingrediensar som kan bidra til å sikre god dyre- og fiskehelse. Sjølv om det i dag er forbod mot å bruke biprodukt frå laks i fôr til oppdrettslaks, kan ein bruke det i fôr til annan oppdrettsfisk, til skaldyr og landdyr og i kosttilskot eller næringsmiddel for humant konsum.
I prosjektet skal ein mellom anna utvikle prosessar for produksjon av mineral- og proteiningrediensar og studere helsemessige effektar av desse ingrediensane gjennom celleforsøk.
- Anslag viser at det årleg er mange tusen tonn fosfor og enno meir protein som ikkje vert utnytta, så den forskinga Biomega her legg opp til, kan bidra til både auka verdiskaping og ei meir berekraftig oppdrettsnæring der alle ressursar kjem til nytte, seier Kjelsnes.
Kommersielt teinefiske etter sjøkreps og djupvassreker
Jørstad Marin AS får 1 005 000 kroner i støtte til å kartleggje nye fiskefelt på Vestlandet og evaluere nye metodar for fangst av sjøkreps og djupvassreker med sikte på kommersiell utnytting. I forskingsprosjektet skal ein mellom anna gjennomføre ei topografisk detaljert kartlegging av sjøbotn i utvalde kyst- og fjordområde i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland for å avdekke område med gode forhold for potensielle reke- og krepsbestandar.
Både reker og sjøkreps lever i blaut havbotn, og gjerne i område der det ikkje er mogleg å komme til med reketrål. Derfor tek ein sikte på å utforske fangst med teine, som også representerer ein meir skånsam og miljøvennleg fangstmetode. Kommersielt teinefiske etter reker er godt utvikla mellom anna på Nova Scotia, og Jørstad Marin tek derfor sikte på å overføre kanadisk kunnskap og teknologi til norske forhold.
Av særleg interesse for prosjektet er djupvassreken Pandalus montagui, som gjerne vert servert på eksklusive sjømatrestaurantar og kan representere ein ny og så langt ubrukt ressurs for den norske sjømatnæringa. Det er planlagd omfattande feltundersøkingar i dei tre vestlandsfylka i samarbeid med forskarar frå Havforskingsinstituttet i Bergen og Centre de recherche marine ved Université Saint-Anne i Canada.
- Internasjonalt er sjøkreps og djupvassreker vel anerkjende delikatessar, og dersom denne forskinga kan bidra til utvikling av eit berekraftig teinefiske med kommersielt potensial, er det godt nytt for ei sjømatnæring som berre blir viktigare og viktigare for Vestlandet, seier Kjelsnes.
Stor interesse for fondsmidlar
Fondet fekk totalt 33 søknader til vurdering i denne tildelingsrunden, og søkjarane bad om støtte på rundt 80 millionar kroner. Fondsstyret vedtok å løyve midlar til elleve prosjekt fordelt på dei fire tematiske hovudsatsingsområda energi (3), reiseliv (1), innovasjon i offentlege ansvarsområde (3) og berekraftig matproduksjon (4).
- Vi skulle sjølvsagt gjerne hatt enno fleire midlar til rådvelde, for også denne gongen måtte vi gje avslag til fleire søkjarar med svært gode prosjekt. For fleire av desse bør det absolutt vere aktuelt å søkje på nytt i neste utlysing, seier Kjelsnes.
Neste utlysing av hovudprosjektmidlar har søknadsfrist 17. februar 2016. Dette vil vere den siste utlysinga med den noverande tematiske innrettinga, då fondsstyret skal vedta ein ny handlingsplan for RFF Vestlandet med verknad frå april 2016.