Heidra for råd om produksjonsområde
Havforskningsinstituttet melder at Bjørn Ådlandsvik har fått rådgjevingsprisen for forslaget til produksjonsområde for laks- og ørretoppdrett.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Råd til offentlegheita er så og seia hovudproduktet til Havforskingsinstituttet, og det organisasjonen blir målt på. Dei siste åra er det difor gjeve ein eigen pris til personar som i særleg grad har bidrege til ein eller fleire av rådgjevingsprosessane som skjer på instituttet.
Programleiarar, forskingsgruppeleiarar og andre hadde nominert kandidatane til rådgjevingsprisen, medan avtroppa direktør Tore Nepstad hadde siste ordet. Kåringa skjedde under dei årlege fagdagane, og det var Bjørn Ådlandsvik som vart ropt fram på podiet. Han får prisen for rådgivinga om produksjonsområde for akvakultur, som vart oversendt Nærings- fiskeridepartementet vinteren 2015. I forslaget, som er ei oppfølging av stortingsmeldinga om berekraftig vekst i norsk lakse- og ørretoppdrett, foreslår instituttet at det vert oppretta 11 produksjonsområde. Inndelinga byggjer på larvedrift med fjord- og kyststraumane og annan kunnskap om lakselusbiologi.
– Arbeidet har vore i ei særstilling, det er brukt avansert matematisk kunnskap og i heile prosessen har prisvinnaren hatt god kommunikasjon med forvalting og næring, står det å lesa i grunngjevinga for prisen. Vidare heiter det at Ådlandsvik på ein lettfattelig og truverdig måte har klart å forklara datagrunnlag og metodikk. Nærings og fiskeridepartementet har også uttalt at dei er svært imponert over arbeidet. Inndelinga av norskekysten i produksjonsområde for laks- og ørretoppdrett vil innebera ei helt ny forvalting av havbruksnæringa og dermed setja spor etter seg.