Firda Seafood lanserer havbruksutstilling
Firda Seafood lanserer Blue Garden, ei permanent utstilling om havbruk på Skjerjehamn, 9.juni kl. 16:00.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Fiskeridirektør Liv Holmefjord står for den offisiell opninga av utstillinga, i følge ein pressemelding Firda Seafood har sendt ut.
Selskapet feirar med konsert med Ole Paus, havets festbord og eit knippe kunstutstillingar. Blue Garden er knytta til ein visningskonsesjon, og er utvikla av designere Jouni Kuuva og Vilde Kleppe Braanaas. Blue Garden er ei utandørs utstilling. Gjennom ulike analoge installasjonar i naturen kan du utforske korleis laks og fjordaure blir produsert i Noreg i dag, og kvifor det vil bli viktig for verda i morgon, skriv selskapet.
- Blue Garden er ein motpol til tekniske og kommersielle løysingar, fordi vi trur at dei som kjem til Skjerjehamn søker –og set pris på, opplevingar utanfor skjermane som omgir oss ellers, seier Jouni Kuuva, designer.
- Vi søkte om- og fekk tildelt visningskonsesjonen i 2008. Vi samarbeida då med VilVite-senteret i Bergen, om ei teknisk utstilling for barn og unge. Blue Garden er ei fornying av konseptet, tilpassa ei meir vaksen og internasjonal målgruppe. Vi ønska å framheve Skjerjehamn sitt særpreg og historisk tilknytning til havet, samt rette blikket mot globale utfordringar knytta til matproduksjon. Havbruk er ei av dei viktige løysingane på utfordringar i framtida, seier Ola Braanaas, eigar og administrerande direktør.
Den historiske handelsstaden Skjerjehamn har dei siste åra merka større pågang frå internasjonale turistar.
- Vi samarbeider med Norled og Turistinformasjonen i Bergen i ei felles satsing for å auke aktiviteten. Blue Garden er med på å spisse Skjerjehamn som reiselivsprodukt, og plassen tilfører Sogn og Fjordane eit unikt kulturtilbod, seier Nihat Kirca, Hotelldirektør Skjerjehamn i pressemeldingen.
.