Deler erfaringar på ny slamløysing
Ved Marine Harvest sitt settefiskanlegg på Kvingo i Masfjorden er Blue Ocean Technology sitt nye anlegg for handtering av slam testa ut. -Dette har vore eit spanande utviklingsprosjekt som viser gode resultat, seier teknisk ansvarleg, Kjetil Fjellby.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Samanlikna med andre slike anlegg, vert det i fylgje Fjellby, brukt svært lite energi for å drifte reinseanlegget til Blue Ocean. Det treng også mykje mindre plass enn dei hadde planlagt for.
- Vi bygde hus for å sette inn eit reinseanlegg med tørke, men no når vi slepp dette, kan vi heller bruke den plassen til andre ting, seier Fjellby i ei pressemelding.
Sidan dei kjem unna med ein snill tørkeprosess blir også straumkostnadane sterkt redusert. No er dei berre avhengig av nokre små pumper som totalt trekke rundt 1,5 kilowatt. Dersom dei hadde installert eit vanleg tørkeanlegg, ville det gått med mellom 60 til 150kw, litt avhengig av teknologi.
Eit godt samarbeid
Marine Harvest har gjort ein driftsavtale med Blue Ocean, noko Fjellby omtala som veldig praktisk. Dei tilsette på settefiskanlegget har ansvaret for trommelfiltra, men deretter tek Blue Ocean over.
-Vi kunne sikkert kjøpt heile anlegget og drifta det sjølv, men denne løysinga passa oss godt. I tillegg er det også veldig overkommeleg å sette seg inn i funksjonane på anlegget, og ikkje minst så er reinsinga svært effektiv med tanke på at vatnet som kjem ut er reint.
-Det har jo vore litt prøving og feiling, men no er vi veldig «happy» med det som skjer her, seier Fjellby.
Han viser til mange positive faktorar ved å satse på akkurat dette anlegget. I tillegg til dei låge straumutgifter og redusert plassbehov, er det også plassert ein lukka container innandørs som gjer prosessen nærast luktfri. Gode mottaksmogelegheiter i nærleiken gjer det også enkelt å kvitte seg med slammet som vert nytta i kompostering.
Lykke i begge leirar
På lik linje med Fjellby er også Jan Henning Legreid i Blue Ocean Technology svært nøgd med prosessen. Han framhevar at Marine Harvest har vore ein perfekt pilotkunde, med ein verkeleg god kombinasjon av tolmod og kompetanse, og gode haldningar til forbetringar og innovasjon.
Testing og utvikling
Blue Ocean Technology sitt reinseanlegg er eit av dei siste i marknaden, og samarbeidet med Marine Harvest har vore svært nyttig for å få alt til å fungere slik det skal. Etter litt prøving og feiling i startfasen er det no sett inn ein ekstra komponent levert av Sorbwater Technology. Denne teknologien tek i bruk naturlege alginatar og redusera det totale partikkelutsleppet frå akvakulturanlegg. I kombinasjon med Blue Ocean sitt organiske filter vil dette redusere innhaldet av tungmetall med opp til 99% og organiske forbindelsar i avløpsvatnet opp mot 90 prosent.