
Tek over merkevara Salma
Bremnes Seashore har inngått avtale om sal av merkevara SALMA til sjømatkonsernet Insula. Produkta kan vera tilgjengelege igjen i norske daglegvarebutikkar til hausten.
I ein pressemelding skriv selskapa at Insula ansvaret for vidare utvikling og distribusjon av ei av Noregs mest kjende merkevarer innan fersk laks.
– SALMA har vore særs viktig for historia til Bremnes Seashore. Me er stolte over å ha bygd opp ei merkevare som har sett standarden for kvalitet og ferskheit i den norske marknaden. Det har vore eit arbeid prega av nytenking, mot og dyktige folk i alle ledd, seier konsernsjef i Bremnes Seashore, Linda Litlekalsøy Aase.
– No er me glade for at SALMA har funne ei ny hamn hos Insula – eit selskap med sterk merkevarekompetanse, eit solid distribusjonsapparat og ikkje minst flinke og engasjerte menneske som kjenner bransjen godt.
Gustav Witzøe-eide Insula ser på oppkjøpet som ei moglegheit til å ta vare på og vidareutvikla ei merkevare med unik posisjon og kvalitet.

– SALMA er eit fyrtårn i norsk sjømatindustri og eit resultat av imponerande merkevarebygging og produktutvikling gjennom mange år. Me har stor respekt for det arbeidet Bremnes Seashore har lagt ned, og vil særleg takka Olav Svendsen for hans rolle som gründer og drivkraft bak SALMA, seier adm.dir. for Insula Norge, Sigvald Rist.
– Samstundes ønskjer me å løfta fram innsatsen frå alle menneska som har vore med på å gjera SALMA til det det er i dag – frå produksjon til marknadsføring. Det er med audmjukskap me tek stafettpinnen vidare, og me ser fram til å byggja vidare saman med våre eigne dyktige fagfolk
Han legg til at Insula har sett korleis sterke merkevarer – i kombinasjon med handelen sine eigne merkevarer – spelar ei viktig rolle i å gjera sjømat attraktiv og relevant for forbrukarane.
Produksjonen av SALMA-produkta vil i framtida skje hos Insula sitt søsterselskap SalMar. Ambisjonen er at produkta igjen skal vera tilgjengelege i norske daglegvarebutikkar til hausten.
– Me har funne den rette til å ta SALMA vidare. Insula har både erfaring, kunnskap og flinke folk med ekte engasjement for sjømat. Me er trygge på at dei vil vidareutvikla merkevara på ein måte som heidrar historia og løftar SALMA vidare inn i framtida, avsluttar Linda Litlekalsøy Aase.
Gjennomføring av transaksjonen skjer med forbehold om godkjenning frå relevante myndigheiter.