Bremnes Seashore kjøpte 527 tonn for 100 millioner kroner
Produksjonsområde 2- Ryfylke fikk tidlegare i år grønt lys. Bremnes Seashore kjøpte dermed 527 tonn på tirsdagens lakseauksjon denne veka.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Nærings- og fiskeridepartementet holdt tysdag auksjon av nye løyver til oppdrett av laks, aure og regnbueaure. Løyvene er solgt i produksjonsområder langs kysten der miljøsituasjonen er vurdert som god, og gjev ein vekst i norsk oppdrettsnæring på meir enn 3 prosent. Les meir om dette her.
Bremnes Seashore sikra seg vekst
Produksjonsområde 2 – Ryfylke – fekk tidlegare i år grønt lys i trafikklyssystemet, og Fiskeridirektoratet auksjonerte tysdag ut auken i biomasse for dei grøne produksjonsområda. Bremnes Seashore kjøpte 527 tonn for 100 mill. kroner, opplyser selsksapet i en pressemelding.
- Frå før har me kjøpt 64 tonn auka produksjonskapasitet, noko som gjer at me samla kan auke produksjonen med 1 000 tonn i året. Norsk laksenæring handla produksjonsvekst for nesten seks mrd. kroner i auksjonen,seier adm. dir. Einar Eide.
- Berekraftig produksjon i sjø gav grønt trafikklys i området, og veksten er eit viktig bidrag til den langsiktige verdiskapinga vår. Me er også glade for at me med dette kan bidra til havbruksfondet. No kan me produsera meir av dei populære SALMA- og Bömlo-produkta våre, legger Eide til.
Les også: Dette betalte oppdretterne «per tillatelse»