Linda Litlekalsøy Aase blir ny konsernsjef i Bremnes Seashore
Styret i Bremnes Fryseri AS har tilsett Linda Litlekalsøy Aase som konsernsjef. Ho er utdanna sivilingeniør og bedriftsøkonom, og har lang erfaring frå både maritim og marin sektor.
Linda Litlekalsøy Aase tar over som konsernsjef etter Olav Svendsen 1. november 2023. Olav Svendsen er hovudeigar og har arbeidd i konsernet i over 50 år. Under hans leiing har det familieeigde konsernet gått i bresjen for å heva kvaliteten på norsk oppdrettslaks. Selskapet har blitt eit av Norges største privateigde oppdrettsselskap med over 600 tilsette.
- Me gler oss til å få Linda om bord og ser fram til at ho skal vidareføra Olav sitt gode arbeid, seier styreleiar i Bremnes Fryseri AS, Jan Sverre Røsstad i ei pressemelding.
Bremnes Fryseri er morselskapet i Bremnes Seashore-konsernet. Konsernet har hovudkontor på Bømlo. Bremnes Fryseri har aktivitet i heile verdikjeden av lakseproduksjon, frå smolt til foredling og sal av merkevarer som SALMA og BÖMLO.