Fiskeriministeren til London
Brexit og handel med sjømat står på programmet når fiskeriminister Harald T. Nesvik besøker London neste veke.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
- Storbritannia er viktig for sjømatnæringa. I fjor eksporterte vi sjømat for over 6 milliardar kroner til Storbritannia, opp 18 prosent frå året før. Det gjer landet til vårt fjerde viktigaste sjømatmarknad, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik i ei pressemelding.
Fiskeriministeren besøker London onsdag 23. januar og torsdag 24. januar. Der skal han mellom anna møte med minister for miljø, mat og regionale saker, Michael Gove. Brexit blir eit viktig tema på møtet.
- Vi jobber grundig med brexit, og førebur oss på alle scenario. Vil vil uansett sikte mot at handelen kan fortsette som i dag, og at marknadsåtgangen for sjømat til Storbritannia blir den same, seier Nesvik.
Fiskeriministeren skal også delta på UK Norwegian-UK Seafood Summit og prisutdeling for beste Fish and Chips-restaurant.