Slik såg det ut før karet fekk overbygg. I bakgrunnen ser ein "vanlege" kar. Foto: Brimer.

Verdas største skal gje redusert produksjonstid i sjø

Verdas største oppdrettstank på land skal i oktober setjast i drift på Sunnmøre. I denne skal det produserast postsmolt på opptil eitt kilo, og ifølgje oppdrettar skal denne bidra til at fisken slaktast ut etter berre sju månadar i sjø.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Vartdal Fiskeoppdrett er no inne i sitt 36 år med lakseproduksjon. Tidlegare dreiv dei med stamfisk på lokaliteten der det enorme karet i dag står, men i seinare år har dei produsert setjefisk.

- Me har god kjennskap til laks på land, og i setjefiskproduksjonen har me dei siste åra produsert 800 000 fisk årleg på Vartdal, men me har no søkt om utviding til 1,2 millionar for å nytta heile potensialet i anlegget, fortel Per Arne Dahle, produksjonsleiar i selskapet til kyst.no.

Aukar produksjonen

Vartdal Fiskeoppdrett og Aqua Farms Vartdal AS, investerte i fjor fleire titals millionar i anlegget på Vartdal, og har mellom anna reist eit nytt bygg med det enorme oppdrettskaret som er heile 28 meter i diameter, drøye fem meter djupt og rommar heile 3100 kubikk vatn.

- Med dette karet i drift vil me få korta ned tida i sjø for å redusere risiko for sjukdom og lakselus. Planen er å køyre fram to «batchar» på 600 000 fisk, ein på tidleg vår og ein på hausten, opplysar Dahle.

I tillegg til «verdas største» har dei og sju eksisterande kar i anlegget. Desse er fjorten meter i diameter og rommar drøye tusen kubikk vatn kvar.

- Me har i dag tre av desse kara i drift, og vi skal etter vaksinering overføre denne fisken frå ferskvatten, smoltifisere og så ta den over i det store karet. Me reknar med at det store karet er i drift i løpet av oktober.

- Verdas største

Det enorme karet som etter det selskapet kjenner til er «verdas største» for lakseproduksjon, vart levert av Brimer for ei god stund tilbake, men Vartdal Fiskeoppdrett har og måtte trå til for å få det klart for drift.

- Over 3000 kubikk vatn betyr sterke krefter i sving, og me har difor forsterka karet med armert betong på utsida av glasfiber-veggane.

Karet kan både driftas på ferskvatten og sjøvatn.

- Karet skal driftast med gjennomstrøms-teknologi med noko gjenbruk av vatn. Alt vatnet vert UV-filtrert på veg inn og så strippar me delar av det for Co2 og tilsett oksygen før me brukar noko igjen, iformerar Dahle.

Frå rogn til slakt

Vartdalgruppa er moderselskapet til Vartdal Fiskeoppdrett og innomhus driv dei både matfiskproduksjon (Aqua Farms Vartdal), setjefiskproduksjon (Vartdal Fiskeoppdrett og Urke Fiskeoppdrett) lakseslakteri og foredling (Western Seaproducts) og pakkeri/kvitfiskmottak (Vartdal Fryseri).

Setjefiskselskapa kjøpar lakserogna eksternt, men har deretter kontroll med heile verdikjeda frå eigen produksjon av setjefisk til fisken går til eige slakteri.

- Alt me produserer av setjefisk går til eigen bruk og Aqua Farms Vartdal sine fire matfisk-konsesjonar, fortel Dahle.

Fleire tiltak mot lus

Selskapet har matfisklokalitetar på Bjørndalen og i Slettvika på Vartdalsstranda, og på Kvangardsnes i Volda og ein lokalitet på Gjerde på Eiksundssida i Vartdalsfjorden, og produksjonsleiaren fortel at lusesituasjonen i området ikkje har vore ille den siste tida.

- Vår region har ikkje vore den verste i landet å drifta i, men me har gjennom dei siste åra brukt luseskjørt og leppefisk aktivt for å redusere luse-påslag, fortel han.

I fjor investerte dei også i ein brønnbåt med themolicerar, saman med andre små oppdrettarar.

- Me har trua på førebyggande arbeid og på ny produksjonsrutine. Me ser me for oss at fisken slaktast ut på drøye 5,2 kilo etter sju månader i opne nøter, og får me dette til er me komne langt.

- Kva tenkjer de om matfisk-produksjon på land?

- Me ser ein enorm verdi i å korta ned produksjonstida ved å setje ut større smolt. Matfisk-produksjon på land ville tatt for mykje av volumet vårt, konkluderar han.