Brønnbåten er utstyrt med spesialutstyr for fiskehelse og vasskvalitet, til dels løysingar som ikkje har vore prøvd tidlegare.

Brønnbåten «Firda Eir» ble nylig sjøsatt

Firda Sjøfarm sin brønnbåt «Firda Eir» vart nyleg sjøsatt ved Norse Shipyard i Tyrkia.

Publisert Sist oppdatert

Det var stor spenning og offisiell seremoni då Firda Seafood Group sitt nye flaggskip gjekk av stabelen på Norse Shipyard sitt verft i Tyrkia laurdag 22. juni. 

«Firda Eir» er oppkalla etter gudinna for helse og helbred i norrøn mytologi, og for Firda Sjøfarmer opnar ho for heilt andre moglegheiter for skånsam handtering av fisk, melder dei i ei pressemelding. 

Gründer og eigar Ola Braanaas og skipper Håkon Andre Hatlem er veldig glade for å sjå det nye flaggskipet seile av sted i bakgrunnen.

Det ombygde fartøyet Skandi Foula, er eit tidlegare Platform Supply Vessel som hadde tent offshore industrien i mange år. For to år sidan starta jobben med å gjere båten om til ein Live Fish Carrier, brønnbåt, ved Norse Shipyard i Tyrkia. 

Gjenbruk

Brønnbåten melder dei vil være eit av dei mest avanserte fartøya i sitt slag. Ho er utstyrt med spesialutstyr for fiskehelse og vasskvalitet, til dels løysingar som ikkje har vore prøvd tidlegare. Samstundes er fartøyet eit skuleeksempel på gjenbruk og sirkulærøkonomi i industriell skala.

Saman med skipper Håkon Andre Hatlem, og konserndirektør for oppdrett, Nicolai Berg-Arnesen, har gründer og eigar Ola Braanaas fylgt opp byggeprosessen svært tett. Gjennom tallause turar til verftet, har kvart framsteg blitt inspisert og dokumentert.

- Det er sjølvsagt stort å sjå eit slikt arbeid passere dette kritiske punktet. Båten er 86,6 meter lang, og med ein bruttokapasitet på 5000 kubikk. Det er mektig å sjå den gå på havet, med heile denne høgtidelege ramma rundt. Det blir eit tidsskilje, for fiskehelse og biosikkerheit, og for oss som arbeidsgjevar på sjøen, seier ein stolt skipsreiar.

No skal «Firda Eir» testast og ferdigstillast før ho kjem til Gulen på haustparten.

Ola Braanaas og Lina Braanaas Utne klar til å kutte båndet under sjøsettingsseremonien i Tyrkia.
Gründer og eigar Ola Braanaas holdt tale før sjøsettingen. Firda Seafood sjef Lina Braanaas Utne står i bakgrunnen.