Carl-Erik Arnesen blir styreleiar i Havbrukspartner
- Det er med stor glede at Havbrukspartner meddeler at Carl-Erik Arnesen går inn som styreleiar i selskapet, skriv
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Carl-Erik Arnesen har drive med produksjon, sal og ledelse innan fiskeoppdrett sidan 1982 både i Norge og utlandet. Han har jobba mest med laks og aure, men også med kveite, havabbor og skjell. Han har og fartstid i Fiskeriseksjonen i Den norske Bank og hatt administrative oppgåver og tillitsverv i bransjeorganisasjonar. Han var administrerande direktør i Firda-gruppa i 16 år, og sals- og marknadsdirektør i Alsaker Fjordbruk AS. Frå 1. desember er han tilsett som adm. direktør i Hav Line AS, reiarlaget som skal drive slaktebåten «Norwegian Gannet», som er under bygging i Spania.
- At vi får Carl-Erik med på laget, tilfører oss veldig mykje kunnskap og erfaring. Han kjenner næringa frå alle sider av bordet, og han har lang erfaring med drift av selskap, både som leiar og gjennom styreverv. Han vil kunne hjelpe oss med å utvikle vår strategi og portefølje, samt vere ein god sparringpartner internt i organisasjonen, seier dagleg leiar i Havbrukspartner, Øyvind Kråkås i ei pressemelding.
- Eg gler meg til å følge Havbrukspartner i sitt arbeid med å bistå små- og mellomstore oppdrettsbedrifter langs kysten, seier Carl-Erik Arnesen i meldinga.
- I ein stadig meir komplisert verden ser eg at Havbrukspartner kan tilføre oppdretterane mykje, legg han til.
Havbrukspartner tilbyr tenester som felles fôrkontraktar og andre innkjøp, hjelp med kommunikasjon og mediehandtering, hjelp med internkontroll, søknadsskriving og dokumentstyring for arbeidsbåtar. Selskapet har tre tilsette.