Dialogmøte om regelendring for lakselusmidlar
Fredag 15. januar arrangerer Fiskeridirektoratet eit dialogmøte med bakgrunn i forslaget til regelendring ved bruk av lusemidlar i oppdrettsnæringa.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
– Vi har invitert alle relevante miljø til møtet i Bergen for å diskutere forslaget ei arbeidsgruppe i Fiskeridirektoratet har kome med for å endre akvakulturforskrifta. Endringane skal medvirke til å redusere negative miljøeffektar av behandling mot lakselus, seier seniorrådgivar Else-Marie Stenevik Djupevåg i Fiskeridirektoratet.
På møtet kjem representantar frå oppdrettsnæringa, fiskehelse, legemiddelverket, brønnbåtnæringa, fiskarlaget og forvaltning.
– Forslaget til endra regelverk vil etter dialogmøtet bli ferdigstilt og deretter sendt på høyring i byrjinga av februar med ein kort høringsfrist på seks veker, seier Stenevik Djupevåg.
Fiskeridirektoratet reknar med at regelverket med endringane skal vere vedtatt i løpet av april i år.
Møtet er lukka for presse og publikum.