Blodetande parasittar, inkludert lakselus, treng difor strengt kontrollerte måtar å ta opp og lagre jernet i kroppen. Å forska på dette kan avsløra svakheiter ved lusa som me kan utnytta i til dømes vaksineutvikling. Foto: Lakselussenteret i Bergen- SLRC

Fann protein i lusetarmen som kanskje kan angripast ved ei vaksine

I ein doktorgrad har man fått både ny generell kunnskap om biologien til lakselusa, men det har òg resultert i funn av protein i lakselustarmen som potensielt kan angripast ved ei vaksine.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Erna Irene Heggland disputerer 13.02.20 for ph.d.-grada ved Universitetet i Bergen med avhandlinga «Hematophagy in the salmon louse (Lepeophtheirus salmonis). Characterization of genes and proteins involved in parasite blood-feeding».

Å ha blod som ein del av dietten er eit vanleg fenomen blant parasittar, då blod er både næringsrikt og ei fornybar kjelde i vertsdyret. På denne måten kan parasitten leve av verten sin utan å nødvendigvis ta livet av den. Blod inneheld mellom anna store mengder av dei nødvendige molekyla jern og heme (jernholdig substans frå mellom anna hemoglobin) som er potensielt særs giftige om dei ikkje blir handtert på riktig måte.

Erna Irene Heggland disputerer 13.02.20 for ph.d.-grada ved Universitetet i Bergen. Foto: Privat

Blodetande parasittar, inkludert lakselus, treng difor strengt kontrollerte måtar å ta opp og lagre jernet i kroppen. Å forska på dette kan avsløra svakheiter ved lusa som me kan utnytta i til dømes vaksineutvikling.

Formålet med denne doktorgrada har vore å undersøka kva gen og protein som er viktige for lusa når den et blod, og spesielt ved handtering av jern og heme. Gjennom sitt arbeid har Heggland mellom anna undersøkt lakselus si lagring av jern og opptak av heme frå tarmen.

Kandidaten har funne ut at om ein hemmar lakselusa sin moglegheit til å lagre jern eller ta opp heme, så har det store negative konsekvensar for eggproduksjonen til vaksne holus. Dermed vert det færre lus i neste generasjon som kan smitta fisken. Vidare har kandidaten undersøkt når i livssyklusen til lusa blodetinga startar, og kva konsekvensar det har for lusa.

Arbeidet med denne doktorgrada har resultert i ny generell kunnskap om biologien til lakselusa, men det har òg resultert i funn av protein i lakselustarmen som potensielt kan angripast ved ei vaksine.

Personalia

Erna Irene Heggland (født 1990) vaks opp i Øystese i Kvam Herad. Ho har studert molekylærbiologi (bachelor i 2013) og medisinsk biologi (master i 2015) ved Universitetet i Bergen. I 2015 vart ho tilsett som stipendiat ved Lakselussenteret (SLRC), eit senter for forskingsdrevet innovasjon (SFI) ved Institutt for Biovitenskap, Universitetet i Bergen.

Hovedveileder har vore Prof. Frank Nilsen, og medveileder har vore Dr. Christiane Eichner.