Slik vil duo-ringen se ut. - Vi ønsker å utvikle gode skjørt og en ny produksjonsform, sier Magne Tombre. Illustrasjon Aqua Viva.

Konseptet Duo-Ring fekk avslag på utviklingsløyver

Fiskeridirektoratet har gitt avslag på søknaden om utviklingløyver frå Aqua Viva AS, på konseptet Duo-ring.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Aqua Viva AS søkte hausten 2016 om seks utviklingsløyve, og ein MTB på 4680 tonn, for ein periode på inntil fem år for utvikling av sitt konsept kalla Duo-ring.

Duo-ring vert omtalt som ei produksjonseining, og eit semi-lukka anlegg, med dobbel-ring løysing, der djupe luseskjørt er plasserte på den ytre ringen. Konseptet skal ha inkludert fleire forbetringar på allereie eksisterande teknologi, blant anna innovative forbetringar av luseskjørtet.

Fiskeridirektoratet gir avslag til søknaden då dei meiner konseptet ikkje oppfyller vilkåret om «betydeleg innovasjon».

- Det er ikkje framlagt informasjon om kva forhold dette luseskjørtet skal designast for, men at skjørtet skal tole meir straum enn 20 cm/s og vil kunne vere tyngre enn dei som er utvikla i dag fordi skjørtet skal ha eigen flytering, skriv Fiskeridirektoratet.

Dei gir medhald i at utvikling av eit sterkare og tyngre luseskjørt vil kunne bidra til å ta oppdrettsnæringa vidare reint teknologisk, men at dette også er ei naturleg vidareføring av kjend kommersiell teknologi.

Fiskeridirektoratet skriv vidare at ei heilskapleg vurdering av søknaden og ettersendt dokumentasjon, tilseier at samansetninga av komponentar som utgjer konseptet Duo-ring kan verte rekna for å inneha eit nyheitselement.

- Likevel inneber prosjektet i stor grad naturleg vidareføring, samansetning og tilpassing av allereie tilgjengeleg utstyr og teknologi. 

Vedtaket kan påklagast.

  • Aqua Viva AS har inngått intensjonsavtalar med ulike aktørar for utvikling av konseptet Duo-ring.
  • Blant disse er SINTEF Ocean (tidligare SINTEF Fiskeri og havbruk), Theta Development AS og Norwegian Weather Protection AS.