Selskapets fjerde utsett i Ecomerden
Sulefisk skal i løpet av månaden setje ut 140 000 smolt i Ecomerden, dette blir selskapets fjerde utsett i den lukkede merden i sjø.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Sulefisk har hatt gode resultat med fisken i Ecomerden deira. Lite lus og ein meir robust fisk med låg dødeligheit er fasiten etter dei tre fyrste generasjonane. No skriv selskapet at dei nærmar seg utsett og har nylig gjennomført inspeksjon på smolten som skal til Ecomerden.
Utsett på slutten av månaden
På Facebook melder selskapet at både driftsleiar Bjørn på Sol Smolt og fiskehelsekoordinar Vegar frå Sulefisk var godt nøgd med smolten som skal flyttast til Bukkholmen i slutten av januar.
Omlag 140 000 stk med snittvekt ved utsett på cirka 70 gram skal ha Ecomerden som bopel fram til ca. juni 2019 før den vert flytta til open merd.
Michael Niesar, daglig leder i Sulefisk har tidlegare uttalt at oppsummert har fisken frå semilukka-merd følgande fordelar etter deira erfaringar:
- Fisken er meir robust, har mindre sjukdom og lågare dødelegheit.
- Man unngår inntak av overflatevatn med inntak på 25m som fører til stabilt merdmiljø og mindre smittefare. Her understreker Nieser Anne Stene sin doktoravhandling frå 2013 «Transmission og Pancreas Disease…» som bekrefter at PD smitter via fetthinne i overflaten.
- Betre farge av fileten. Sulefisk analyserte høgare Asta-nivået under kvalitetsprøvane. Mogleg hypotese er at dette også kan vere ein indikator for meir robust fisk.
- Betre vekst etter flytting til open merd og rask produksjon. Ev. litt kompensasjonsvekst etter fase i semilukka merd.
- Lusefri produksjonsfase.