Han er ny prosjektingeniør i Hauge Aqua
Aksel Botne Sandberg (32) er ny prosjektingeniør i Hauge Aqua AS. Hovudoppgåva hans er å vera kvalitetsleiar, og bidra til administrering av tilskotsmidlar og ingeniøraktivitetar.
- Når du har vakse opp med den yngre Lyngøy-generasjonen i Nordhordland, slepp du heldigvis ikkje unna Cato sitt engasjement og visjonar. Det var slik mitt kjennskap til Hauge Aqua starta, og eg har alltid følgt med selskapet, fortel Aksel Botne Sandberg i ei pressemelding.
Han er utdanna maskiningeniør med master i industriell økonomi, og har jobba som piping-ingeniør og konsulent innan offentlege tilskotsmidlar.
- Veldig spanande å vera ein del av
Sandberg er ansvarleg for at Hauge Aqua har eit aktivt og velfungerande kvalitetssystem, som sørger for god orden og effektivitet i arbeidsoppgåvene.
- Egget kan gjere verda til ein betre stad for fisk og menneske, og for meg er det ei drivkraft i seg sjølv. Eg synes Egget har ein utruleg kul konstruksjon. Kombinasjonen av teknologiske og biologiske utfordringar og mogelegheiter, gjer det veldig spanande å vera ein del av, seier han.
Les også: Kjøper Mowis seks utviklingstillatelser
Hauge Aqua sitt flytende oppdrettsanlegg «Egget» E2000 er under ferdigstilling og i sluttfasa hos industribedrifta Herde Kompositt i Kvinnherad kommune, som ligg ved Hardangerfjorden.
I fyrste omgang bygges det eitt egg på 21 meter høyde og 15 meter i diameter som har 1850 kubikkmeter vatn som oppdrettsvolum. Dette er kun ein tidel av volumet, men banar veg for hovedprosjektets 44 meter høge egg.
«Egget» skal overleveras i slutten av mai 2022, og er laga i sandwich kompositt. Egget tar bruk i mørkegrøn løyve som Hauge Aqua eig sjølv og skal driftast av Hauge Aqua Farming.
Les fleire Kyst.no saker om Egget og Hauge Aqua her.