
Hauge Aqua er tildelt sin første lokalitet til «Egget»
Hauge Aqua som står bak EGGET har no fått tildelt løyve til sin første lokalitet. – Egget er truleg etablert på Geilbukta innan fire år, ifølgje gründer Cato Lyngøy.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
- HURRA. Me har blitt tildelt lokaliteten Geilbukta i Langfjorden i Møre og Romsdal. Løyvet gjeld for laks, aure og regnbogeaure på inntil 780 MTB og arealet er på 200 x 500 meter, skriv Hauge Aqua i ei pressemelding.
- Me er glade for at Egget har blitt så godt motteken i Rauma kommune og at planutvalet gjekk einstemmig inn for det, fortel Arthur Lyngøy i Hauge Aqua.
Selskapet skriv at villaks-stammane i området har vore under sterkt press frå mange hald. Mellom anna har Langfjorden vore stengt for lakseoppdrett på grunn av lus og risiko for rømming. I dag føregår det eit betydeleg kultiveringsarbeid for å stø verdifulle villaks-stammar i elvane Eira, Aura, Visa og Mittet.

- Signaleffekten som myndigheitene sender er viktig. Løyvet gjeld for flytande lukka anlegg i heile sjøfasen, med vilkår om at Egg-teknologien skal være utprøvd før ein tar i bruk Geilbukta. Det er ei stor oppmuntring at Egget får tilliten til å etablera seg på ein lokalitet der tradisjonell open merddrift er utelukka, fortel Arthur.
Egget er truleg etablert på Geilbukta innan fire år, ifølgje Lyngøy som seier:
- Me trur Egget er eit viktig bidrag i kampen mot rømming og lakselusa. Det er vist at å driva flytande lukka teknologi i heile eller delar av syklusen gjer det mogeleg å unngå luseproblemet. No gler me oss til å visa at Egget også gjer trygg drift mogeleg, legg han til.