To nye inn og Negård ut
Vidar Hjartnes og Erik Sørheim kjem inn som tilsette i Eide Fjordbruk, medan Paul Negård går til legemiddelfirmaet Elanco.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Samfunnskontakt Andreas Moe Larsen opplyser at Eide Fjordbruk har dei siste åra hatt Vidar Hjartnes og Erik Sørheim engasjert via firmaet Akvahjelp. Begge har no valt å bli fast tilsette i Eide Fjordbruk.
Hjartnes kjem inn som drifts- og personalsjef og Sørheim som produksjonssjef matfisk.
– Vidar og Erik har begge stor kunnskap og god erfaring innan akvakulturdrift, og eg er svært glad for at dei vil bli ein del av den faste staben i Eide Fjordbruk, seier dagleg leiar Knut Frode Eide.
- Sluttar, med tungt hjarte
Samstundes som Vidar og Erik kjem inn på full tid, er Paul Negård på veg til ny arbeidsgjevar, legemiddelfirmaet Elanco.
- Dette er ikkje med lett hjarte, fortel Paul Negård.
- Eg har trivst veldig godt, og eg har stor sans for dei verdiar og prinsipp som Eide Fjordbruk driv etter. Ikkje minst er det eit særs godt miljø og flinke og kjekke folk både i Eidestøa og ute på anlegga. Resultata syner at Eide Fjordbruk er blant dei beste i landet, og alle som arbeider i firmaet har grunn til å vera stolte av det ein har fått til i lag. Eg har lært mykje i Eide Fjordbruk, avsluttar Negård.
Knut Frode Eide visar til at Paul er ein utruleg kapasitet innan fiskehelse, og selskapet skulle svært gjerne hatt han med vidare.
- Me håpar å ha eit svært godt samarbeid med Paul i tida som kjem, og vil halda fram den gode relasjonen me har etablert, seier Eide.