Nye fortøyningar gav resultat for oppdrettar
Etter rømming grunna anlegg som sleit seg under stormen Nina, skifta Eide Fjordbruk fortøyningar. Det gav resultat for oppdrettaren. - Me var godt forberedt og det har gått fint med våre anlegg i Hardanger og Nordhordland. Me har ikkje opplevd skade på nokon av anlegga våre, seier Vidar Hjartnes i Eide Fjordbruk og Fyllingsnes Fisk.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Under stormen «Nina» røymde det laks frå to av anlegga selskapet eig. Dei har i etterkant skifta og oppgradert fleire av fortøyningane på anlegga sine og hadde således ingen problem med fortøyningar i samband med «Tor».
Roligare enn venta
- Som alltid sjekkar me over våre lokalitetar og såg til at alt var slik det skulle. Våre lokalitetar i Hardanger var mest værutsett denne gangen. Men stormen vart noko rolegare enn forventa. Så me var godt forberedt og det har gått fint med våre anlegg i Hardanger og Nordhordland. Me har ikkje opplevd skade på nokon av anlegga våre, seier Hjartnes til kyst.no.