Prinsipp utviklingskonsesjonar. Foto: Eide Fjordbruk.

Eide Fjordbruk søkjer om seks utviklingskonsesjonar

Eide Fjordbruk har sendt inn søknad til Fiskeridirektoratet om seks utviklingskonsesjonar, opplysar dei til kyst.no. - Prosjektet skal utvikla ny sensorteknologi, autonome farkostar og nye datakjelder for å skaffa til veie informasjon som ein ikkje har i dag, fortel samfunnskontakt Ove Gjerde i Eide Fjordbruk og assisterande dagleg leiar Sondre Eide.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Eide søkjer no om seks utviklingstillatelsar til ein open dataplattform og tilhøyrande system på 4 680 tonn.

Her kan du se en oversikt over de 15 som har søkt om konsesjoner så langt.

Eide fjordbruk beskriver anlegget slik: - Sjå føre deg eit oppdrettsanlegg der ein har fullstendig oversikt over alle viktige tilhøve og risikoar som påverkar dei ulike prosessane. Eit anlegg som har kontinuerleg kontroll med veksten og helsa til fisken, risiko for sjukdom, lusepåslag, korleis anlegget påverkar omgjevnadene og korleis omgjevnadane påverkar anlegget. Tenk om anlegget sjølvkontrollert kan treffa preventive tiltak for å redusera risiko for fisk og miljø, samstundes som til dømes røktarane får ein mindre belastande og tryggare kvardag.

Ove Gjerde, samfunnskontakt for Eide Fjordbruk seier til kyst.no at dei vil søkje om seks utviklingskonsesjonar. Foto: Privat.

- Dette er nemleg den langsiktige visjonen som Eide Fjordbruk og partner-bedriftene ynskjer å oppfylla gjennom eit særs ressurskrevjande utviklingsarbeid, opplysar samfunnskontakt Ove Gjerde.

Les også: Paul Negård vert leiar i oppdrettselskap

Han meinar Noreg har naturgitte fortrinn, lang erfaring og mykje utstyr knytt til oppdrett med dagens teknologi.

- Prosjektet vårt bygger vidare på dette driftskonseptet for å bevara og utvikla desse fortrinna me har i Noreg, samstundes med at det skal utviklast ny teknologi som gir auka kontroll med noverande og framtidige utfordringar, legg han til.

Vil teste i mindre skala først

- For å kome raskt i gong så ynskjer me å kunne få lov å teste dette ut i mindre skala på noverande lokalitetar, og så seinare kjøra det i storskala. Me ser for oss å ha konseptet både i områder som er mindre og meir straumeksponert, seier assisterande dagleg leiar Sondre Eide til kyst.no.

Les også: Marine Harvest søker om seks ekstra utviklingstillatelser

Han fortel selskapet har tru på å ta vare på noverande og eksisterande teknologi å bringa da eit steg vidare.

- Vil vil optimalisera dei forhalda me har i dag. Det er viktig å få ein rett størrelse på ting, slik at me kan ha kontroll. Både rundt, under og på overflata av lokaliteten.

Eide ynskjer rett å slett å gjere ting før det skjer, å kunne agere før det skjer ein potensiell rømming f.eks.

Når det gjeld søknadsprosessen har selskapet jobba med ideen øve lengre tid.

- Eide har bygd det åpne plattform-konseptet på ein grunnfilosofi som selskapet har hatt sida 1970 då det vart stifta. Konseptet er ryggmargen til selskapet, som me har bygd og skapt over fleire tiår, seier Eide.

Han håpar vidare i prosessen å ha ein åpen og god dialog med direktoratet.

- Me er åpne for å senda inn meir informasjon, dersom det er noko dei ynskjer ytterligare svar på i vår søknad, seier han til kyst.no.

Framtidas anlegg

Gjerde opplyser at selskapet skal utvikla ein teknisk infrastruktur for framtida sine oppdrettsanlegg, som gjer det mogeleg å samla og stola på all informasjonen som vert henta inn. 

Paul Negård Nytilsett leiar for fiskehelsa (t.v.) og assisterande dagleg leiar Sondre Eide. Foto: Eide Fjordbruk.

- Deretter vil prosjektet ved hjelp av moderne databehandling og «big-data» analyseverktøy letta arbeidet for oss, og gjera det mogeleg å oppdaga og hindra kritiske situasjonar før eventuelle skadar er eit faktum, opplysar samfunnskontakt Ove Gjerde.

Unikt fortrinn

Sentralt i dette arbeidet er utvikling av ein open teknologiplattform som knyter saman alle datakjelder og gjer det mogeleg å arbeida med dei store datamengdene som vert tilgjengelege. Gjennom å kombinera datakraft som kan sjå samanhengar som ikkje er openbare for menneskjer med den ekspertisen og erfaringa som næringa alt har tilgang på i dag, får prosjektet eit unikt fortrinn.

Prosjektet utviklar også fleire verktøy i kampen mot næringa sine utfordringar, mellom anna:

  • Ny teknologi for å hindra anleggshavari og rømming
  • Autonom lusevern som vert regulert etter ”lusetrussel”
  • System for å kunna hindra sjukdom på eit tidleg stadium
  • Installasjon for minimering av utslepp på lokalitetar med dårleg miljødata
  • Ny flåteteknologi med redusert visuelt støy, designa for operasjonar med autonome farkostar og med framtida sin IT-infrastruktur integrert m.m.

Prosjektet byggjer også på erfaring og teknologi frå andre næringar.

- Prosjektpartnerane våre er viktige aktørar med lang erfaring frå matproduksjon i sjø og andre næringar. Med betre kontroll og openheit rundt matproduksjon i sjø si påverknad, er det mogeleg å tilpassa produksjon m.m. og ta i bruk både meir eksponerte og meir skjerma lokalitetar basert på best mogeleg informasjonsgrunnlag, ikkje på berre på ”tru”. Teknologien og metodane som skal utviklast vil også kunna avdekka årsakssamanhengar og bidra til å avverja andre truslar enn dei som er i fokus i dag, fortel dei to.