Salmon Zero - Framtidas lukka mtaproduksjon i sjø. Illustrasjon Eide Fjordbruk.

Utviklar RAS-teknologi for lukka-sjøanlegg

Eide Fjordbruk vidarefører trua på 100 % kontroll i lakseproduksjonen, og skal difor utvikla eit fullstendig lukka produksjonseinheits-konsept med RAS-teknologi frå Aquatec-Solutions.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Frå venstre Erlend og Sondre Eide. Foto: Eide Fjordbruk.

Konseptet inkluder full styring av salinitet, temperatur, fullsterilisering av inntaksvatn og fullreinsing av avløpsvatn. Konseptet skal også utforska moglegheita til bruk av avløpsvatn frå produksjonseinheita. Dette som næring til dyrking av tang/tare og algar.

- Me ser at den lukka teknologien er i framvekst, og både eksisterande open og lukka teknologi må vidareutviklast samstundes som me treng ny teknologi. Me tenkjer og at det vil vera gunstig å driva lukka matfisk-produksjon, fortel Eide vidare til kyst.no.

Andre i rekka

Selskapet har også tidlegare søkt om seks utviklingsløyver (sjå alle søknader her) til ein open dataplattform og tilhøyrande system med ein biomasse på 4 680 tonn.

Dette prosjektet skal utvikle ny sensorteknologi, autonome farkostar og nye datakildar for å skaffe ny informasjon. Sentralt i konseptet er utvikling av ein open teknologiplattform som knyttar saman alle datakjelder og gjer det mogleg å arbeide med dei store datamengdene som blir tilgjengelige.

- Gjennom å kombinere datakraft som kan se sammenhenger som ikke er åpenbare for mennesker med den ekspertisen og erfaringen som næringen alt har tilgang på i dag, får prosjektet ett unikt fortrinn, meinar Eide.