Eide Fjordbruk har 30 % mindre klimautslipp i 2020
- Eide Fjordbruk har redusert våre faktiske klimautslipp per kilo laks med 30 %. Arbeidet fortsetter mot vår 0 visjon for utslepp av klimagassar, seier dagleg leiar Sondre Eide.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Eide Fjordbruk har utarbeida ein årleg berekraftsrapport, som systematisk går gjennom ei rekkje ulike parameter. Eit av hovudfunna i rapporten for 2020, som offentliggjeres i dag, er ein kraftig reduksjon i klimautslipp.
- For 2020 oppnådde Eide Fjordbruk eit utslepp per kg laks produsert før kompenserende tiltak på 2.95 kg CO2e. Dette svarer til ein reduksjon på 1.27 kg CO2e per kg laks eller 30% sammenlignet med 2018-nivået. Totalt har vi redusert utsleppa våre med 9 812 tonn CO2e årlig, fortel Eide i ei pressemelding.
- Eide Fjordbruk har jobba målretta og grundig for å oppnå resultata, og at visjonen er å bli utsleppsfrie utan kompenserende tiltak. Det er allereie og kjem til å verte ein tidligare sammenheng mellom reduserte klimagassutslepp, økt bærekraft, og god økonomi.
- Christoffer Marøy går inn i stillingen som bærekrafts- og økonomisjef i Eide Fjordbruk. Me ser at bærekraft og økonomi er to sider av samme sak, så det er veldig naturlig for oss å utvide ansvarsområdet for økonomisjefen, til også å omfatte arbeidet med bærekraft og miljø (ESG).
Eide Fjordbruk begynte i fjor å produsera verdas fyrste klimanøytrale laks, deira mål er å redusere kompensasjon og redusere faktiske utslepp mot 0.
- Framover vil forbrukerne krevje langt meir av matprodusentene, også når det kjem til klimaavtrykk. Eide Fjordbruk skal derfor være leiande i arbeidet med å produsera sunn sjømat som ikkje bidrar til klimagassutslepp.
Rapporten peker videre på flere oppløftende funn i selskapet:
- Halvering av fiskedødeligheita
- Fjerning av alle kobberimpregneringar på alle anlegg
Heile rapporten kan lesast her: