
På dagen for havbruksmeldinga: Han blir ny CEO i Watermoon
– Viktig brikke i da mest banebrytande havbruksprosjektet i Noreg, seier CEO i Eide Familiy Sondre Eide.
Roger Sørensen, mangeårig konsernsjef i Åkerblå, går inn som CEO i nullutsleppsteknologiselskapet Watermoon. – Ei signering frå øvste hylle som kjem på heilt rett tidspunkt, seier Sondre Eide.
Med over ti år i leiarstolen i Åkerblå – der han leia veksten frå 14 til over 550 tilsette – er Roger Sørensen ein av dei mest erfarne og respekterte leiarane i norsk havbruk. No skal han leie neste kapittel i eit av dei mest ambisiøse prosjekta i næringa: Watermoon – ei teknologi som kombinerer nullutslepp, lusefri produksjon, høg slamoppsamling og banebrytande fiskevelferd.
– Dette er ei signering frå aller øvste hylle. Roger har djup innsikt i både det biologiske og det kommersielle i havbruksnæringa. Han kjenner utfordringane frå innsida – og han ser løysingane. At han no går inn i Watermoon er eit tydeleg teikn på kor stort dette prosjektet er i ferd med å bli, seier Sondre Eide.

– Det mest spanande havbruksprosjektet eg har sett.
Sørensen har vore ein sentral aktør i utviklinga av Åkerblå som leiande leverandør av kunnskapsbaserte tenester innan fiskehelse og miljø. No vil han bidra til å setje ein ny standard for sjølve produksjonen av laks.
– Eg har hatt ei utruleg givande reise i Åkerblå, men Watermoon representerer noko heilt nytt – det mest spanande havbruksprosjektet eg har sett i mi karriere. Dette handlar ikkje berre om teknologi, men om å løyse dei største problema i havbruket og samtidig løfte fiskevelferda til eit heilt nytt nivå. Den moglegheita kunne eg rett og slett ikkje takke nei til, seier Sørensen.
- Framtida er lukka, lusefri – og norsk
Watermoon er ei nedsenkbar, lukka og utsleppsfri teknologi utvikla av Eide-familien gjennom fleire år med testing og forsking. Systemet held laksen fysisk adskilt frå lakselusa, har høgare slamoppsamling enn landbaserte anlegg, og nyttar doble barrierar for å minimere rømmingsrisiko. Fire nye Watermoon 2.0 er allereie bestilt, og teknologien er klar for kommersielt løft.
– Me har jobba i det stille i mange år med å utvikle ei løysing som både industrien, naturen og fisken tener på. Watermoon kan produsere matfisk og postsmolt, og egnar seg for dei tøffe forholda langs norskekysten med tåleevne på opptil 6 meter bølgehøgde. No står me ved eit vendepunkt kor teknologien er klar for markedet – og å få Roger med på laget i akkurat denne fasen er heilt perfekt, seier Eide.
Politisk vegskilje – og ein tydeleg beskjed til regjeringa
Lanseringa av Sørensen som ny CEO skjer same dag som regjeringa legg fram den nye havbruksmeldinga klokka 17:00.
– Timinga er ikkje tilfeldig. Me sender eit tydeleg signal: Det finst allereie teknologi som gjer det mogleg å ta eit grønt havbruksløft i Noreg. Watermoon er klart til bruk – det som no manglar er politisk vilje, seier Eide.
– Skal norsk havbruk vekse vidare, må det skje med teknologi som tek ansvar. Det handlar ikkje lenger berre om volum – det handlar om fotavtrykk. Watermoon viser at det går an å kombinere berekraft, god fiskevelferd og lønsemd. No treng vi at styresmaktene legg til rette for nullutsleppsteknologiar, seier Sørensen.
Han peikar på at teknologi som Watermoon kan sikre at Noreg held posisjonen som leiande havbruksnasjon også i framtida.
– Med rett politikk kan vi ta større globale marknadsdelar, redusere påverknaden på naturen og samtidig styrkje dyrevelferda. Det er framtida – og vi er klare, avsluttar han.