ANNONSØRARTIKKEL
Eit spennande selskap i vekst og utvikling
Fjord Miljø AS har dei siste åra markert seg med innovative og framtidsretta produkt innan miljøteknologi for oppdrettsnæringa. Med eit dedikert fokus på innovasjon og berekraft har dei klart å utvikle gode produkt for å bidra til utviklinga av norsk fiskeoppdrett.
Nytt kontor og produksjonslokale
I juni 2023 flytta Fjord Miljø inn i eit nytt bygg på Skårhaug i Nordfjordeid. I følgje eigar Sven Jørgen Strømmen har Fjord Miljø med dette lagt til rette for effektiv produksjon og service i moderne og tidsriktige lokaler.
Strømmenrøret
Strømmenrøret har no vore i produksjon i 7 år, og erfaringane er svært gode. Den enkle og stabile konstruksjonen har vist seg å vera driftssikker, er enkel å montera i merdane og leverer det den lovar.
Dette har og ført til at Strømmenrøret no opplever ein betydeleg auke i salet, og det dukkar stadig opp fleire førespurnader, seier sal- og marknadsjef Arild Heggland. I tillegg til Strømmenrøret kan Fjord Miljø og levera tilpassa luseskjørt basert på kundane sine ønskjer og behov.
Kontinuerleg FoU-arbeid
Fjord Miljø har gjennom arbeid med stadig utvikling hatt veldig god nytte av eit tett og godt samarbeid med fleire oppdrettsaktørar. Fjord Miljø har eigne FoU-tillatelser som blir drifta i eit tett og godt samarbeid med Eide Fjordbruk. Dette har bidratt sterkt til at Fjord Miljø har klart å fokusera på å stadig ta nye steg. Ei av dei store FoU-satsingane no er utvikling av flytande filtreringsløysingar som kan nyttast i lag medluseskjørt eller lukka, flytande konstruksjonar. Fjordfilter er no tilgjengeleg somprototype, men vil forhåpentlegvis kome på markedet innan kort tid.
Prosjektering av anleggsplassering og fortøyningar
Fjord Miljø sitt unike 3D-modelleringsverktøy, FjordSIM, er ei programvareløysing som kan nyttast til å prosjektera plassering av anlegg, flåte og fortøyningar i ein digital tvilling på lokaliteten.
Dette hjelpemiddelet vil kunne bidra til optimal plassering av merdane ift bunnforhold, straumforhold og tilgjengeleg areal. Basert på dette kan Fjord Miljø sørge for at bestilling og utlegg av fortøyningar blir ein enkel prosess der du som oppdrettar har kontroll frå A til Å. I tillegg vil det kunne brukast til opplæring internt og til å illustrera kvar miljøundersøkelsar blir utført. Dette gjer oppdrettarane god hjelp til å vurdera plasseringa av kvar prøvar blir tatt og dokumentera dette for forvaltninga.
Samarbeid om utstyr til berekraftig fiskeoppdrett
Fjord Miljø AS og Poseidon Ocean Systems Ltd har inngått eit bindande samarbeid der Fjord Miljø skal distribuera Poseidon Ocean Systems sine nyskapande løysingar for merdanlegg.
Poseidon Ocean Systems Ltd
Selskapet har hovudkontor på Vancouver Island på vestkysten av Canada. Poseidon er allerede etablert i Canada, Chile og Skottland, og vil gjennom dette samarbeidet få tilgang til det norske marknaden. Begge selskapa har store forventingar til samarbeidet og deler filosofien om at det beste er å førebygge og optimere miljøtilhøva til fisken, slik at fisken kan utnytte sitt potensiale fullt ut.
Life Support System
Poseidon har utvikla eit unikt system for luftomrøring i merdane med moglegheit for oksygentilsetjing. Inkludert i denne pakken er Flowpressor, ein energieffektiv kompressor som er spesielt designa for å møte behova for luft til omrøring, Oxypressor som er ein tilleggsmodul for produksjon av inntil 150 kg, 92% oksygen per time og oksygeninnløysarar til bruk i merdane.
Hybrid stålanlegg
Poseidon har og utvikla eit hybrid stålanlegg med flyterør i PE. Dette anlegget kan konfigurerast etter behov og har minimum 20-års levetid. Anlegget er designa for å takle Hs på 3,0 meter og ein strømhastigheit på 1,5 m/s.