Fem nye år med visningsanlegg for Engesund Fiskeoppdrett
Oppdrettsselskapet Engesund Fiskeoppdrett feira i dag at dei har fått fornya visningsløyve deira i fem nye år. Ambisjonen er å auka kunnskapen om norsk oppdrettslaks til enda fleire.
- Me er svært glade for fornya tillit. Dette betyr svært mykje for selskapet, og det vert veldig bra å få videreføre og utvikle det gode visningsopplegget vårt som til sommaren har 10-års jubileum, fortel dagleg leiar Svein Eivind Gilje til Kyst.no.
Oppdrettsselskapet held til ved Engesund i Fitjarøyene like utenfor Fitjar i Sunnhordland, og har to kommersielle løyver, eitt ordinært matfiskløyve og eitt «grønt» løyve. Dei har også to særløyver, eitt visningsløyve og eitt FoU-løyve.
Fornyinga av visningsløyve feira oppdrettsselskapet måndag, då ordførar Harald Rydland (KrF) frå Fitjar Kommune saman med elevar frå ein lokal akvakulturklasse, besøkte Engesund visningssenter.
Ordføraren gratulerte, og påpeika at løyvet er viktig for kommunen og regionen, ikkje minst med tanke på reiselivet, som regionen satsar tungt på.
- Me er inne i ein god periode, for det er så mange som jobbar i lag. Engesund visningssenter er ein veldig viktig faktor i dette. Det er også viktig og nødvendig at folk får innblikk i kva oppdrett er, som eit korrektiv til mykje av det som vert sagt og skrive. Havbruk er ei svært viktig næring, der det trengst mange slag kompetanse, seier Rydland i ei pressemelding.
Visningsanlegget ligg i Fitjarøyane nord for Engesund og er plassert ved oppdrettsanlegget på vestsida av Dyrholmen.
Ope heile året
Dagleg leiar i Engesund Visningssenter, Lisa Instefjord Gilje, fortel at alle skuleklassar og barnehagar er velkomne heile året.
- Men eit særskild tilbod har 9.-klassingane i heile Sunnhordland. I tillegg til at alt er gratis her for desse, betalar me bussturen til Fitjar, fortel ho om spesialopplegget for 9. klassingane.
Ho ser det som viktig at alle får eit innblikk i denne næringa før dei går vidare i utdanning og yrke.
- Sjølv om det er mange oppdrettsanlegg rett utfor stovedørene til folk i distriktet, er det svært få som har vore utpå eit. Blant elevane ser me også at det trengs kunnskap. Difor er det viktig å fortelja kva me gjer og kvifor me gjer det, held visningsleiaren fram.
I tillegg til Lisa Instefjord Gilje er Karina Gautefall Bunes visningsvert i fast stilling. I høgsesongen engasjerer dei åtte sommarvikarar som også driv Fitjar turistinformasjon. Til restaurantkjøkenet vert ein meisterkokk leigd inn.
10 års-jubileum
Engesund fekk det fyrste visningsløyvet tilbake i 2012, og sidan den gong har selskapet investert i visningsflåte nord for Engesund i Fitjarøyane, opne og lukka fartøy til skyssing og mottakslokale i Fitjar sentrum.
Ordføraren meiner oppdrettet gjennom desse snart 10 åra har formidla god og nøktern kunnskap om oppdrett. Samstundes har det gitt lokalsamfunnet viktige arbeidsplassar og sett Fitjar kommune på kartet. Det er eit godt tilbod både til innbyggjarane og besøkjande.
Han peiker på at Engesund har utvikla seg godt gjennom desse åra. Ein ny sentrumsplan opnar for ny utvikling, med nytt visningslokale ved Meieriet.
- Der har de levert spennande tankar for kva de kan få til, seier han.
Ordføraren peiker på at oppdrett elles er veldig utilgjengeleg i høve til andre næringar. Difor er det flott med eit slikt tilbod. Det er gull verd, påpeikar han.
- Fitjar er vorten stor innan oppdrett, noko me ser på tilskotet frå havbruksfondet. I tillegg er det stor smoltproduksjon i kommunen, peiker Rydland på.
I samband med ny kommuneplan vil ein leggja til rette for fleire høvelege oppdrettsplassar.
Han vonar innbyggjarane og tilreisande brukar visningssenteret endå flittigare.
Det planlagde visningsmottaket i sentrum vil gjera det mogeleg å gjennomføra ei oppdrettsvisning på land ved ekstra dårleg vêr på sjøen.
Gilje seier at i sommar vert opplegget mykje likt som i fjor, med båtkafé der ein kan koma med eigen båt eller følgja skyssen vår med faste avgangar frå Fitjar.
- Elles kjem me til å ha meir fast ope i helgane før og etter sommaren. I sjølve visningsdelen vil me utvikla meir interaktive utstillingar og opplevingar, ikkje minst for dei yngste, opplyser han.
Lærar i akvafag, William Hope, fortel at opplegget på Engesund visningssenter er midt i blinken for dei som undervisningsarena. I dag fekk elevane hans ta del i luseteljing.
- Det er så ekstremt viktig at elevane får sjå og oppleva kva oppdrett er. Det stimulerer interessa, det er lærerikt, og dei får teori også her ute. Så at Engesund fekk fornya løyvet, var livsviktig for oss. Det gjer alt så mykje lettare for oss, å kunna komma rett ut hit. Me har også kunna senda folk i praksis hos Engesund, held Hope fram.
28 visningsanlegg i drift i Norge
Senior kommunikasjonsrådgjevar Vegard Oen Hatten i Fiskeridirektoratet fortel til Kyst.no at per dags dato er det 28 visningsanlegg i drift Norge, og tre som har fått tilsagn og er under etablering.
- I Vestland fylke er det sju anlegg i drift og ett under etablering. Fram til 1. januar 2010 vart visningsløyver gjeve tidsubegrenset, så dei som er tildelt før den tid er på 500 tonn og tidsubegrenset, dei som er tildelt etter 1. januar 2010 er på 780 tonn MTB og tidsbegrensa til 10 år. Fornying av visningsløyver vart gitt ut for inntil fem år etter det vart innført midlertidig søknadsstopp 8. mars i fjor, seier han.
Fiskeridirektoratet skriv at Engesund Fiskeoppdrett AS oppfyller vilkåra om fornying av visningsløyve og gir tilsegn om visningsløyve med 780 tonn maksimalt tillaten biomasse til akvakultur med laks, aure og regnbogeaure til visningsføremål i fem år. Dette inneber ikkje noko auke, men framhald av det som er.