Erik Morvik tilsett hjå Vik Settefisk
Fyrste mai starta Erik Morvik (51) hjå setjefisk- produsenten i Øygarden. Der har han ansvar for teknikken og vassbehandlinga i anlegget.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Før han starta i Øygarden arbeida han hjå Sterner innan installasjon og service.
- Sterner har gjennom fleire år arbeida med Vik Settefisk, både når det gjeld drifta og når det gjeld uttesting av ny teknologi. Det fell seg difor naturleg for meg å jobbe her, fortel Morvik til kyst.no.
Han fylgde fyrst i faren sine fotspor og starta arbeidslivet som tømrarlærling, men så gjekk han Fiskerifagskulen på Austevoll. Etter militærteneste gjekk han for alvor inn havbruksnæringa og har sidan då opparbeida seg 30 års erfaring.
Han starta først som røktar ved Havforskninginstituttet på Nordnes i to år. Etter dette jobba han ved Ewos sin forskingsstasjon i Lønningdal, der han fekk erfaring som både røktar og med teknikken over 13 år før han starta i Sterner, der han vore dei siste 17 åra.
- Hovudforskjellen med jobben her og den eg hadde i Sterner er at eg får fokusert på eitt anlegg, og ikkje alle prosjekta. Fokuset mitt framover skal være optimalisering og utbetring av dei ulike RAS-avdelingane her, fortel han.
Morvik legg til at samarbeidet og utvikling av ny teknologi med Sterner skal halde fram i Øygarden.
- Det er spanande og interessant å jobbe med forsking og utvikling innan vassbehandling, slår han fast.