
Osland vil ha meir tareoppdrett
Oppdrettselskapet Osland Havbruk har søkt om løyve til å produsere tare/makroalgar i Sogn.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Selskapet har søkt om løyve til å etablere tareoppdrett på lokalitet Mjølsvik i Høyanger kommune i Sogn og Fjordane.
Det kjem fram i saksdokument Kyst.no har fått innsyn i.

Lokaliteten brukast i dag til oppdrett av laks, og endringa omfattar bruk av ledige bur på eksisterande lokalitet til utviklingsforsøk i samband med omsøkt FoU-konsesjon som omhandlar forsking på samlokalisering av laks og tare. I tillegg til bruk av tomme bur, søkjer selskapet om å auka arealbruker på 10 dekar til produksjon av makroalgar.
- Me driv allereie i dag produksjon av tare gjennom etablert FoU-samarbeid med Engesund Fiskeoppdrett og Sulefisk, som har pågått over nokre år, seier dagleg leiar Erik Osland, i Osland Habruk til Kyst.no.
- Me ønskjer å etablere tareoppdrett på endå ein lokalitet då me vil videreføre arbeidet, legg han til.
Høyanger kommune er positive til forskningsprosjektet som har som mål å utvikle oppdrettsnæringa i miljøvenleg og berekraftig retning. Dei legg og til at dei ikkje har fått innvendingar på søknaden, då den var på høyring.