
Ser potensiale for utvida havbruk i Rogaland
- For laks går det fint an å doble produksjonen i Rogaland, berekraftig, seier administrerande direktør i Skretting, Erlend Sødal.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Det melder NRK.
Fredag forrige veke var fleire av ordførarane frå kystkommunane i Rogaland samla hos Skretting, og dei ser eit potensiale for utvida havbruk i fylket.
Fylkesordføraren trur havbruksnæringa har eit stort potensial i Rogaland, no vil ho leggja til rette for meir fiskeoppdrett.
- Det er ei veksande og god næring, som kan bli eit stort nytt eventyr. Eg opplev at næringa og bransjen ser at det er eit stort potensial i Rogaland for å veksa. Så no trur eg det er litt opp til kommunane, at dei raskt kan få avklart kva område ein kan leggja til rette for oppdrett, seier fylkesordførar i Rogaland, Solveig Ege Tengesdal til NRK.
Erlend Sødal meinar det ligg eit stort potensial for meir havbruk i Rogaland.