Ordførar ynskjer snuoperasjon for vill- og oppdrettslaks
Marine Harvest byggjer for tida eit moderne settefiskanlegg i Etne i Hordaland. Ordføraren i kommunen er positiv til satsinga og ynskjer å vera med på ein snuoperasjon for vill- og oppdrettslaks. - Satsinga i Fjæra er dobbelt positiv. Me får arbeidsplasser og me er med på ei ny og viktig utvikling for oppdrettsnæringa i vår kommune, seier Siri Klokkerstuen.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Etne fekk i fjor sin fyrste kvinnlege ordførar nokonsinne, framstemt vart AP-politikaren Siri Klokkerstuen.
Ho seier til kyst.no, at det er store utfordringar i forhald til villaksstamma i Etne elva, då ho fekk spørsmål om kva ho tenkjer om at Marine Harvest skal byggja settefiskanlegg på Fjæra.
- Marine Harvest sine produksjonplaner i Fjæra er difor ikkje noko ein har ”lagt seg flat for” i utgangspunktet. Me arbeider svært aktivt for å ta vare på lakse og sjøaurestamma i det nasjonale laksevassdraget vårt, Etneelva. Etne kommune ynskjer å vera med på ein snuoperasjonen som kan bli starten på ei positiv utvikling for både villaks og oppdrett. Anlegget blir eit moderne og miljøvennlege smoltanlegg på land, legg ordføraren til.
Dobbel positivt satsing
Marine Harvest kom fredag 5. februar ut med ei pressemelding, der dei skriv følgjande: "– Vi søker nå de 13 som skal passe på millioner av smålaks som flytter inn i bygda til Ragna, John Vidar, Aslaug, Lars, Else, Marit og Cathrine, sier kommunikasjonssjef i Marine Harvest, Eivind Nævdal-Bolstad".
Les også: Lyser ut 13 stillinger i bygd med syv fastboende
Noko ordføraren i Etne ser på som svært lovande.
- Satsinga i Fjæra er dobbelt positiv. Me får arbeidsplasser og me er med på ei ny og viktig utvikling for oppdrettsnæringa i vår kommune. Etne kommune er positiv til etableringa, fastslår ho.
Ho opplyser at det har vore underskriftskampanje FOR etableringa i heile Åkrafjordområdet.
- Alle er positive og gler seg over det som skjer. Når anlegget veks ser me at det blir store endringar i den vesle bygda mellom høge fjell, men ordføraren høyrer berre positive kommentarar. Fordelen for oss er arbeidsplassane, aktivitet i ein del av kommunen som treng eit løft. Sidan me og er oppteken av bærekraft for oppdrett og villfisk, er dette anlegget ei løysing me kunne sei ja til i vår kommune, fortel ordføraren.
- Er det nokre negative aspekt med at det vert bygd settefiskanlegg på Fjæra?
- Nei, ikkje så langt i forhold til dei mange positive sidene. Me har ikkje teke lett på vurderingane, men syns dette er bra. Me har sjølvsagt eit ynskje om byggesteg 2 og 3 for å utvikla ein enno større fisk før den skal i sjøen, seier Klokkerstuen til kyst.no.
- Ordførar Siri Klokkerstuen (57) er ein norsk lokalpolitikar for Arbeiderpartiet.
- Ho er den fyrste kvinnlege ordføraren i Etne kommune og vart valt inn i 2015.
- I perioden 2011–2015 var ho varaordførar.
- I perioden 2009—13 var ho sjette vararepresentant til Stortinget for Arbeiderpartiet i Hordaland.