Her ser ei fyrste villaksen i fiskefella 2016. T.v Tor Egil Holmedal og Vidar Børretzen t.h. Foto: Privat.

Frydar seg over tilbakevandring - men fryktar for lakselusas påverknad

- Det er gledeleg å registrera at tilbakevandringa til elva i år er langt høgare enn på tilsvarande tid dei tre siste åra, fortel Vidar Børretzen leiar av fagrådet for Etnevassdraget. Men ifølgje leiaren er det likevel mykje lus på sjøauren og venta ein del rømd oppdrettsfisk i elva, noko han peikar på som bekymringsfullt.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Etnevassdraget er eit nasjonalt laksevassdrag der laksen skal ha eit serskildt vern, og vassdraget sine bestandar av laks og sjøaure er ein av dei største på Vestlandet.

I Etneelva er dei difor i ein heilt spesiell situasjon der dei kontrollerar all oppvandring av fisk i fiskefella. Dette gir vassdraget unike moglegheiter til å auka kunnskap om laks og sjøaure på Vestlandet.

- Per niande juni er det i fiskefella registrert  231 laks , 218 sjøaure og 17 rømd oppdrettsfisk der 5 er regnbogeaure og resten oppdrettslaks, fortel Børretzen.

- Eit resultat av innsats

Ei slik oppvandring har han ikkje sett på over tre år.

- Samanliknar ein med til dømes fjoråret var tala då 67 laks, 74 sjøaure og 3 oppdrettslaks. Så får me håpa at denne trenden held fram , og ikkje berre skuldast eit tidleg år, seier fagleiaren.

Laksefella i Etne. Foto: Etne elveierlag.

- Etter fleire år med stopp i fisket har både me som ansvarlege forvaltarar og alle fiskeinteresserte forventningar både til  opninga av fisket den 15. juni og til resten av sesongen. Det ligg i fiskaren sin natur å vera optimist, legg han til.

Børretzen trur at tilbakevandringa er eit resultatet av innsatsen som ansvarlege elveigarane sidan 2010, har bidratt med i elva.

- Gjennom å ta forvaltaransvar, og at me på eige initiativ har stansa fisket i elva vår. Vårt bidrag til gjenoppbygging av villaksstamma i Etneelva er å avstå frå fiske slik at all tilbakrevandrande laks går inn i produksjonen av yngel/smolt, informerar han.

Kunne tent fleire millionar 

Men dette har kosta legg han til, og ikkje berre for elveigarane.

- Sal av fiskekort på fyrste hand hjå oss representerer 1,3 millionar kroner. Fleire undersøkingar viser at dette beløpet kan gangast med fire for å illustrera verdien for eit  lokalsamfunn i form av handel, service og reiseliv, opplysar han

Han påpeikar at fem millionar kroner årleg, i fire år viser lokalsamfunnet sitt bidrag .

- Er det då rimeleg av oss å krevja at også oppdrettsindustrien som sterkt medverkande årsak til situasjonen, og med langt større resursar, bidreg til å sikra framtida for villaks og sjøaure i våre lokale vassdrag?, spør han.

Sjøaure og rømd fisk

Børretzen fortel så at han på tilbakevandrande laks som kjem rett inn frå havet, ser lite lus på denne.

- Derimot er det mykje lus på sjøauren som har sit livsløp i våre nærliggande fjordar , noko som gir grunn til sterk bekymring, meinar han.

Om ein tek omsyn til røminga av regnbogeaure frå Sjøtroll sitt anlegg i Ålfjorden , meinar  han det er grunn til å tru at den vesentlege auken av rømlingar skriv seg frå røminga ved Varaldsøy.

- Det er grunn til å tru at me utover i sesongen vil sjå fleire av desse, konkluderar han.