Dåp av Osland havbruks sine to fartøy Cornelia og Bjordal. Foto: Osland Havbruk

Dåp av Osland Havbruk sine to nye båtar

I helga vart to av oppdrettsselskapet Osland Havbruk sine nye arbeidsfartøy døypt. 

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Fredag 12. oktober skein sola over bygda og gradestokken synte mest 20 grader. Ei flott ramme for dåp av to nye båtar hjå Osland Havbruk, melder selskapet i ei pressemelding. 

Næringa utviklar seg, og vi treng stadig utviding og oppgradering av produksjonsutstyr, slik at vi kan sikre produksjonen og ha god biologisk kontroll. Med to nybygde båtar er vi godt rusta for framtida, opplyser Osland Havbruk.

Dei to fartøya som vart døypt var Cornelia og Bjordal. 

Arbeidsbåt

Cornelia, er levert av Moen Marin, og er ein arbeidsbåt på 13,5 meter lengde og er 7,5 meter brei. Båten er rigga med kran som løfter 1 tonn på 31 meter lengde, og med ei maskin på 380 hk som gjev ein marsjfart på 13,8 knop.

Denne båten skal driftast av Osland Stamfisk og vil bli lokalisert i Sandeidfjord i Rogaland.

Namnet Cornelia tyder ansett/velansett. Gudmor Cornelia Øren Osland, som er fjerde generasjon Osland Havbruk, ynskja båt og mannskap hell og lykke på alle hav.

Osland sin nye kraftplugg er bygd i Tyrkia og skal operere på alle lokalitetane til Osland. Foto: Norse Shipbuilding.

Ny kraftplugg

Bjordal, er bygd i Tyrkia i samarbeid med Norse Shipbuilding. Dette er ein ny generasjon båt for Osland Havbruk. Ein arbeids-/servicebåt med stort arbeidsdekk, lugar og opphaldsrom med alle fasilitetar for
mannskapet. Båten er 14,98 meter lang, 10,5 meter brei. To kraner, høvesvis 77 tonnmeter og 18 tonnmeter, to maskiner på 490 hester kvar. Båten er bygd i stål og er og rigga for ankehandtering.

Namnet Bjordal er historisk og har vore brukt i tidlegare tider på ein båt som var viktig for bygdene i kommunen. Gudmor Marta Brekke døypte båten og ynskte hell og lukke for mannskap og selskap.

MS Bjordal: 

  • Motor/framdrift: levert av Nogve Motorfabrikk.
  • Kranar: Ferrari 1stk 65TM 1 Stk 12
  • Motorkraft: 2x500hk,
  • Maskin: Scania,
  • Bredde: 10.5,
  • Lengde: 14.95,
  • Dekkslast: 75 tonn med 100% ferskvann/diesel.
  • Styre/kontrollsystem: Levert av PMH,
  • Capstanar: 2 stk 3 tonn 1 stk 1tonn levert av tenfjord,
  • Platelås, winch 30 tonn samt haikjeft og tauepinner, er levert av ODM,
  • Navigasjonspakke er levert av Teknisk Bureau i Bergen.

Har du en nyhet du ønsker å dele eller sitter på tips om noe som skjer innen havbruksnæringen? Tips oss gjerne på redaksjon@kyst.no og merk emnefeltet med: “Tips”, så kontakter vi deg.