Ny kraftplugg til Osland Havbruk
Osland Havbruk har fått bygd sin nye arbeidsbåt, MS Bjordal i Tyrkia. Kraftpluggen er no i Bergen, der radiokontroll og last test av kranar skal gjerast, før den skal heim til Bjordal.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Osland Havbruk tilsette var for nokre veker sidan i Tyrkia for å sjå sitt nye arbeidsfartøy, som i desse dagar er komen til Bergen by for sertifisering av kraner og radiokontroll før den fartar opp mot Bjordal i Sogn. Det tok fartøyet omlag tre veker å kome frå verftet til Bergen. Sjå stort bildegalleri nederst i saka.
Driftsleiar Johnny Kalstad i Osland Havbruk seier at han har fleire gonger i år har vore i Tyrkia for å fylgje opp bygginga av båten.
- Det er ein stor katamaran med ankerhandtering og slep. Det er eit vedlikehaldsfartøy, som skal brukast til å rydde lokalitetar, ordne til nye og gamle lokalitetar og andre typiske vedlikehaldsoppgåver, fortel han til Kyst.no.
Det er eit team på fire som skal drifte servicefartøyet, og Kalstad seier det er utrusta for variert arbeid på alle lokalitetane til Osland havbruk.
Teknisk fartøy
Det gamle fartøyet til vedlikehaldsteamet seier han ikkje er godt nok som service- og vedlikehaldsfartøy i forhold til nytt regelverk, derfor skal det no verte brukt som røktarbåt.
Det nye fartøyet Bjordal har fått namn etter staden oppdrettsselskapet høyrer til, og planen er at båten skal vera i drift i løpet av den fyrste veka i august.
Kalstad påpeiker at den fyrste tida kjem til å vera prega av mykje opplæring av nytt utstyr, sidan det er ein teknisk båt.
Vinn vinn-situasjon
- Det kjem personell frå verftet i Tyrkia som skal ha opplæring på dei tilsette på fartøyet, noko veftet tykkjer er fint, å få vera med på Osland sine operasjonar.
Sjølv om det meste har gått etter planen i byggingsprosessen, seier han at det har vore nokre utfordringar med språk og ulikt regelverk.
- Verftet har vore ivrige etter å læra meir om norske oppdrettsbåtar og dei krava som myndigheitene krever. Både me og verftet har lært mykje av denne prosessen, som jo har vore ein fordel ettersom dei har lyst å retta seg meir mot det norske marknaden, så det var vinn vinn for begge partar, legg han til.
Det tekniske utstyret på fartøyet fortel Kalstad det er norske leverandører som står for.
MS Bjordal:
- Motor/framdrift: levert av Nogve Motorfabrikk.
- Kranar: Ferrari 1stk 65TM 1 Stk 12
- Motorkraft: 2x500hk,
- Maskin: Scania,
- Bredde: 10.5,
- Lengde: 14.95,
- Dekkslast: 75 tonn med 100% ferskvann/diesel.
- Styre/kontrollsystem: Levert av PMH,
- Capstanar: 2 stk 3 tonn 1 stk 1tonn levert av tenfjord,
- Platelås, winch 30 tonn samt haikjeft og tauepinner, er levert av ODM,
- Navigasjonspakke er levert av Teknisk Bureau i Bergen.
Sjå stort bildegalleri under. Alle foto: Norse Shipbuilding/Osland havbruk.