Ny frihandelsavtale med Filippinane
Frihandelsavtalen vil gi norske bedrifter betre tilgang til ein marknad med nær 100 millionar innbyggarar, melder Nærings-og fiskeridepartementet. (NFD)
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
- Frihandelsavtalen mellom EFTA-landa og Filippinane er eit viktig skritt på vegen for å gi norske bedrifter betre tilgang til dei asiatiske marknadene, seier næringsminister Monica Mæland, i ei pressemelding fra NFD.
Noreg og dei andre EFTA-landa signerte avtalen med Filippinane i Bern i Sveits i dag.
- Gjennom EFTA forhandlar Noreg med fleire viktige marknader i Asia. Eg håpar og trur at denne avtalen vil bidra til framgang i forhandlingane med Indonesia, Vietnam og Malaysia, som alle er viktige eksportmarknader for Noreg, seier Mæland.
Filippinane har om lag hundre millionar innbyggarar, og er ein økonomi som veks.
Den nye frihandelsavtalen inneber at mesteparten av norsk eksport av varer til Filippinane vil sleppe toll. Avtalen vil gi tollfri tilgang til marknaden for all eksisterande norsk fiskeeksport til landet. Han vil og opne Filippinane som marknad for frossen makrell.
Noregs eksport av varer til Filippinane har hatt ein jamn vekst dei siste ti åra. Noreg eksporterte varer til Filippinene for 679 millionar kroner i 2015, i all hovudsak kunstgjødsel (40 prosent), maskiner (30 prosent) og fisk (15 prosent). Importen av varer frå Filippinene var same år på 504 millionar kroner, for det meste maskiner og klede/tekstilar.
Les EFTA sin pressemelding her
Hent bilete frå signeringa her
Les meir om frihandelsavtalar her.