Mineraltilskot har effekt både på fisk og miljø
Når oppdrettslaksen får mineraltilskot i fôret i organisk form, treng han mindre mengder for å veksa seg stor og sterk. Det betyr mindre utslepp av mineral til miljøet.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Det er ein av konklusjonane frå eit fireårig forskingsprosjekt ved Havforskingsinstituttet.
- I dag er det vanleg å tilsetja mineral i fôret til oppdrettsfisk, men som regel er det mineral i uorganiske former, i form av salt. Mykje av det bind seg til saltet i sjøvatnet, og blir utilgjengeleg for fisken. Difor går det i staden ut i miljøet, seier leiaren for prosjektet, forskar Antony Philip.
- I staden kan ein tilsetja mineral i organisk form. Då kan fisken ta opp meir av mineralet, og mindre går ut i miljøet, forklarer han.
Mindre mineral i plantefôr
Oppdrettsnæringa tilset mineral i fôret for at fisken skal veksa seg større, sterkare og sunnare. Dette har særleg blitt aktuelt som følgje av at ein har gått over til meir plantebasert fôr.
- Minerala som finst i planteingrediensane er mindre tilgjengelege for fisken enn dei som er i fiskemjøl. Dette kan ein kompensera med meir mineraltilskot, men det aukar også forureininga, seier forskingssjef Erik-Jan Lock.
Forureinar miljøet
Store mengder av mineral som sink, selen og koppar kan vere skadelege for det marine miljøet. Det ser ein blant anna på slammet som samlar seg under oppdrettsmerdane, forklarer Lock.
- Dette blir no meir og meir aktuelt, fordi me har begynt å sjå på slam som ein unytta ressurs. Høge nivå av sink avgrensar moglegheita for å bruka slam til for eksempel gjødsel.
Betre med organiske mineral
Forskarane meiner altså at næringa kan redusera denne forureininga ved å bruka mineral i organiske former i fôrtilskotet. Organiske mineral, som for eksempel er bundne til essensielle aminosyrer, er meir tilgjengelege for fisken.
Dermed kan ein minka den totale mengda mineral som blir tilsett i fôret – utan å glipp av gevinstane for helsa og storleiken på fisken.
Viktig fokus for forsking og utvikling
Forskarane har gjort forsøk med sink, selen og mangan, og sett på kor mykje av minerala som er tilgjengelege som næringsstoff for fisk i ulike kjemiske sambindingar i fersk- og saltvatn.
For selen og mangan ser dei tydeleg betring ved bruk av organiske former av mineralet. Forsøka med sink har ikkje gitt same utslag, men i prinsippet meiner forskarane at den same effekten skal gjelda òg for sink og andre mineral.
- Å auka tilgjenget av mineral i fiskefôr, særleg i saltvatn, må vera eit viktig fokus for vidare forsking og utvikling, seier Antony Philip.