HI seier i rapporten at det manglar kunnskap om effektane av genetisk påverknad frå oppdrettstorsk til villtorsk. Illustrasjonsfoto av oppdrettstorsk: Frank Gregersen/Nofima.

Vil beskytte kysttorsken mot oppdrett

Forskarane rår forvaltinga til fortsatt å beskytte torskegytefelt langs heile kysten mot torskeoppdrett og å vurdere restriksjonar mot flytting og levandelagring.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Dette kjem fram i ein fagrapport som Fiskeridirektoratet har bestilt frå Havforskningsinstituttet (HI).

Å beskytte torskegytefelta og vere restriktive med flytting og levandelagring, er særleg viktig i indre fjordar med små og sårbare kysttorskbestandar, for å redusere risikoen for negativ påverknad.

Fiskeridirektoratet opplev veksande interesse for oppdrett av torsk og treng difor oppdatert kunnskap om mogelege risikoar.

- Denne fagrapporten vil vi legge til grunn for å sikre at forvaltinga av torskeoppdrett blir berekraftig framover, seier seksjonssjef Mette Remø i Fiskeridirektoratet i ei pressemelding. 

Kunnskap om genetisk påverknad

Seksjonssjef Mette Remø i Fiskeridirektoratet. Foto: © Vegard Oen Hatten / Fiskeridirektoratet.

HI seier i rapporten at det manglar kunnskap om effektane av genetisk påverknad frå oppdrettstorsk til villtorsk. Forskarane meiner at risikoen er høgast hos svake bestandar av kysttorsk. Risikoen for negativ påverknad er også avhengig av kor høgt presset frå oppdrett er samanlikna med storleiken på lokale bestandar, samt graden av ulikskap mellom oppdrettstorsken og villtorsken.

- HI peiker mellom anna på at ved å bruke steril torsk i oppdrett blir risikoen for genetisk påverknad frå oppdrettstorsk på ville torskebestandar tatt vekk, og instituttet foreslår difor å greie ut å bruke steril torsk, fortel Remø.

Risiko for spreiing av sjukdom

HI peiker også på at torsk rømt frå oppdrettsanlegg kan vere med å spreie sjukdom til villfisk, eller påverke økosystema på andre måtar, for eksempel ved beiting eller konkurranse om beiteområde.

Som fylgje av dei pågåande klimaendringane vil også sjukdomar og parasittar, som tidlegere har hatt ein temperaturbarriere enten sørover eller nordover, kunne bevege seg inn i nye område, noko som gjer at sjukdomsbildet i dag kan vere endra sidan førre satsing på torskeoppdrett.

Det har vore forska lite på sjukdom hos torsk dei siste 10 åra. HI foreslår i rapporten at problemstillingar knytt til sjukdom og smittespreiing blir tatt omsyn til i forvaltinga. Dette inkluderer også flytting av torsk med ukjent smittestatus over lange avstandar, i tillegg til flytting mellom ytre og indre område av kysten.