Ny regionstruktur i Fiskeridirektoratet
Fra og med 1. januar 2016 har Fiskeridirektoratet fem regionar mot sju i dag. Samstundes vil enkelte arbeidsoppgåver bli flytta frå hovudkontoret i Bergen til regionane.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Region Finnmark og region Troms blir frå nyttår samla til region Nord med leiinga i Tromsø. Region Trøndelag og region Møre og Romsdal blir region Midt med leiinga i Ålesund, melder direktoratet i ei pressemelding.
I forhandlingar med tenestemannsorganisasjonane blei det bestemt kor Fiskeridirektoratet skal ha kontorstader i den nye regionstrukturen. Fiskeridirektoratet vil i framtida vere representert på desse stadene langs kysten:
region Nord: Tromsø, Finnsnes, Vadsø, Båtsfjord, Honningsvåg og Hammerfest
region Nordland; Bodø, Sortland, Leknes, Svolvær, Sandnessjøen
region Midt: Ålesund, Trondheim, Rørvik, Kristiansund
region vest: Måløy, Bergen
region Sør: Egersund, Kopervik, Fredrikstad
Desse kontora blir lagt ned i løpet av 2016:
Vardø, Kjøllefjord, Havøysund og Skjervøy (region Nord)
Brønnøysund (region Nordland)
Sistranda, Fosnavåg (region Midt)
Kristiansand (region Sør)
I Vardø har Fiskeridirektoratet to tilsette i ei felles analyseeining med Kystverket, lokalisert på trafikkstasjonen i Vardø.
Kontoret i Svolvær blir utfasa over tid slik at det i framtida skal vere eitt kontor i Lofoten.
Oppgåvefordeling i to fasar
Samstundes som Fiskeridirektoratet framstår i litt endra drakt ved årsskiftet, skal arbeidsoppgåver som i dag blir utført ved hovudkontoret i Bergen overførast til regionane. Overføring av oppgåver skal skje i to fasar. Dei oppgåvene som ikkje krev særskilt kompetanseoverføring eller kompetansebygging i regionane, vil bli overført først. Deretter vil oppgåver som krev særskilt kompetanse eller opplæring, bli overført i ein fase to.