Stor gjenfangst etter rømminga i Lekafjorden
Det vert framleis fanga betydlege mengder oppdrettslaks etter rømminga hjå Midt-Norsk Havbruk AS ved Lekafjorden i Nærøysund kommune.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Fiskeridirektoratet skriv at dei har per 9. september registrert ein gjenfangst på i overkant av 6000 oppdrettslaks etter hendinga ved Midt-Norsk Havbruk sin lokalitet Dolma N i Lekafjorden. Fisken er om lag 4 kg i storleik.
Selskapet har, etter pålegg frå direktoratet, fiska i utvida område med innleigde fartøy. Fangstene i dette fisket har no gått ned, og fisket vert difor avslutta. Det pågår framleis eit gjenfangstfiske med dusør etter påmelding. Frå dette fisket vert det framleis meldt inn betydelege fangstar. Gjenfangsttalet som er registrert inn til oss er ei oppsummering av begge desse aktivitetene.
Slaktes idag
Fisken i den aktuelle merda skal etter planen vere ferdig utslakta iløpet av dagen idag. Fiskeridirektoratet ventar å ha meir informasjon om omfanget av rømminga i løpet av neste veke.