Illustrasjonsbilde av rømt oppdrettslaks. Foto: Tor EgilHolmedal/Fiskeridirektoratet.

Rømmingsomfanget avklart hos Midt-Norsk Havbruk

Det har rømt i underkant av 39 000 oppdrettslaks ved Midt-Norsk Havbruk AS sitt anlegg i Lekafjorden nord i Trøndelag. Dette er klart etter at fisken i anlegget no er slakta ut.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Fiskeridirektoratet har fått tal frå Midt-Norsk Havbruk som visar at det rømte i underkant av 39 000 fisk ved lokaliteten Dolma N i Nærøysund kommune i slutten av august.

Dusørfiske

Fiskeridirektoratet har per 15. september registrert ein gjenfangst på 8170 oppdrettslaks etter hendinga. Fisken er om lag fire kilo i storleik.

Det pågår framleis eit gjenfangstfiske med dusør etter påmelding, og frå dette fisket vert det framleis meldt inn betydelege fangstar. Området for dette fisket er difor utvida noko sørover, og vil bli vurdert utvida i nord.

Fiskeridirektoratet ynsker fleire tips

Direktoratet har fått inn eindel tips frå publikum om fangst av rømt oppdrettsfisk, men ynskjer fleire. Publikum kan ringe deira døgnopne vaktsentral på telefon 55 23 83 36. Tipsene bidreg til å få eit betre bilde av omfang og korleis fisken spreier seg, og er til hjelp for vidare oppfølging.