«Munin» er tatt ut av tjeneste
Frå nyttår vart kystoppsynsfartøyet «Munin» tatt ut av tjeneste i samband med at all sjøtjeneste i Fiskeridirektoratet vart organisert under «Overvåkningstjenesten» i region Nord.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Fiskeridirektoratet skriv at dei oppretta «Kystoppsynet» med fartøya Hugin og Munin i 1991 med base i Kristiansand og Fredrikstad. Fartøya opererte for det meste på Sørlandet den første tida, men vart også nytta i ulike oppsyn andre stadar i landet, blant anna under Borgundfjordfisket og torskefisket i Lofoten.
- Mange har møtt kystoppsynsfartøyet Munin på si ferd langs kysten. No er fartøyet lagt til kai i samband med ei omorganisering av sjøtjenesta
- Oppgåvene i denne perioden var mange og varierte, som til dømes algeovervakning, reiskapskontroll, kontroll av oppdrettsanlegg - og tilsyn med fuglereservat! Munin vart etter kvart erstatta med dagens Munin som Fiskeridirektoratet tok i bruk i november 1997. Hugin vart fasa ut rundt år 2000.
Frå 2005 vart ansvaret for drifta av Munin lagt til region Møre og Romsdal (seinare region Midt).
- Munin opererte i denne perioden i heile Sør-Norge frå Rørvik i nord til svenskegrensa i sør. Oppgåvene vart meir og meir retta mot ressurskontroll.