Det var frå denne lokaliteten rømminga skjedde.

Regnbogeaure på rømmen

Fiskestorleiken er i overkant av 700 gram i snitt.

Publisert Sist oppdatert

Tombre Fiskeanlegg AS meldte mandag 3. februar om ei rømmingshending ved deira lokalitet Litletveitholane i Sørfjorden i Osterøy kommune i Vestland. 

Det var då oppdaga ein større skade i ei not. Det opplyser Fiskeridirektoratet i ei melding.- Selskapet har satt ut gjenfangstgarn på lokaliteten. Fiskestorleiken er i overkant av 700 gram i snitt. Omfanget av rømminga er ikkje klart, opplysar dei i meldinga.

Fiskeridirektoratet skriv at dei følger opp hendinga med tilsyn, etter vanleg prosedyre.