Nærare 100 anlegg må innføre nye rutinar for avlusing
Mellom 90 og 100 anlegg i Hordaland og Sogn og Fjordane må følgje dei skjerpa reglane for bruk av avlusingsmiddel med kitinsyntesehemmarar.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Fiskeridirektoratet region Vest har kartlagt kva anlegg som ligg i eit område nærare enn 1000 meter frå rekefelt, og kome fram til at mellom 90 og 100 anlegg i Hordaland og Sogn og Fjordane fell inn under forskriftsendringa om strengare restriksjonar på bruken av kitinsyntesehemmarar.
- I første omgang går vi ut med informasjon til oppdrettarane om at dei må passe på å følgje dei nye restriksjonane. Vi opplyser og om forskrift om transport av akvakulturdyr, som seier at det ikkje er tillatte å dumpe badevatn brukt til behandling av lus nærare enn 500 meter frå eit rekefelt eller eit gytefelt for reker, seier seksjonssjef i region Vest, Leni Marie Lisæter i ei pressemelding.
Varslar strengare reaksjonar
Fiskeridirektoratet har tilsynsansvar for det som hamnar på botn under anlegga. Dette gjeld mellom anna oppfølging av miljøundersøkingar og legemiddelbruk.
– No går vi ut og informerer, men etter kvart vil Fiskeridirektoratet reagere strengare overfor dei som ikkje følgjer reglane. Eg minner og om at alle oppdrettarar sjølve har ei plikt til å halde seg oppdaterte på endringar i regelverket, avsluttar Lisæter.