Dei nye fisketankane til Jarle Tveiten Transport AS. Foto Jarle Tveiten AS.

- Steike vellykka, seier Tveiten om selskapets nye fisketankar

Jarle Tveiten har i lengre tid hatt planar om å få på plass fisketankar som kan gjere handteringstida for den levandefisken mindre, samtidig som den betrar fiskehelsa. Transportsjefen meinar tankane som er i en testfase, så langt har vore steike vellykka.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Det Hardanger-baserte transportselskapet er lokalisert i Tørvikbygd, og køyrer fisk i heile Noreg. Selskapets dagleg leiar Jarle Tveiten er ein erfaren kar i denne bransjen og har over lengre tid sett behovet for nye tankar for køyring av særleg reinsefisk, men også yngel og smolt.

Driftssjef Tor Helge Eiken seier det er gledeleg at selskapet har fått utvikla nye fisketankar som gjev betre fiskehelse. Foto: privat.

– Me har jobba med dette lenge og tykkjer dei nye rektangulære fisketankane har vorte «steike vellykka», opplyser han til Kyst.no.

Tor Helge Eiken, driftssjef i selskapet fortel det har vore naudsynt å utvikla nye fisketankar og er glad for at tankane dei har utvikla ser ut til å betre fiskevelferda betydeleg under transport-tida.

– Jarle Tveiten har i sin arbeidskvardag sett behovet for betre handtering av fisken. Han har sett på ulike løysingar som sikrar at fisken har da godt, samt ein meir driftseffektiv metode å transportere fisk på. Erfaringane hans gjer at vi har valt å satse på utviklinga av desse tankane.

- Meir driftoptimal

Jarle Tveiten, har eitt stort arsenal av vogntog for transport av levande fisk. Grûndaren har no fått på plass eigenutvikla flyttbare tankar som skal betre fiskehelsa. Foto: Linn Therese Skår Hosteland.

Det spesielle seier Eiken er at dei nye fisketankane enkelt kan løftast rett av vogntogene/lastebilane over på båt, for tømming direkte i merdane. Det gjer at fisken slepp fleire handteringsledd under transporten.

– Vi har fått til ei løysing som er mykje meir driftsoptimal for transportøren og oppdrettarane, der vi kan løfte tankane direkte frå bil til båt og den fraktast direkte ut på lokaliteten. Det gjev store fordelar for fiskehelsa, der vi kan sikre den eitt langt betre velferdsnivå, samtidig som det gjev mykje mindre dødelegheit.

Dei nye tankane har tilnærma det same utstyret som dei tidlegare når det kjem til oksygen og anna overvaking. Men med betring av velferden seier han dei no kan ha meir biomasse i tankane. Som igjen er effektivt for kunden.

Akvaplan Niva har mellom anna vore delaktig i uttesting og dokumentasjon av dei nye tankane, og Eiken påpeikar at det er viktig å få på plass slik naudsynt dokumentasjon på emnet. Selskapet har også søkt patent på dei nye rektangulære tankane og  løysingane /teknologien knytt til desse, og har stor tru på den nye tilbodet deira.

Arne Meyer i Nor Seafood og Wilsgård Fiskeoppdrett tykkje dei nye fisketankane fungerar svært godt. Foto: privat/Facebook.

Les også: Godt resultat på tross av fleire utfordringar

Gode erfaringar med nye tankar

Selskapet har dei siste månadane hatt tankane i operativ test hos fleire selskap i Nord-Noreg, mellom anna Marine Harvest, NRS Troms, Wilsgaard Fiskeoppdrett, Finnmark Rensefisk og for Ryfylke Rensefisk. Eiken seier erfaringane så langt har vore gode.

Arne Meyer i Nor Seafood og Wilsgård Fiskeoppdrett fortel kyst.no at fisketankane har fungert ypparleg.

– Me har vore meget nøgde med både transporten og dei som jobbar med dette. Fordelane er jo at me kan ta tankane rett om bord i båt, det einaste me treng er faktisk oksygen. Det er veldig enkelt og skånsamt, me har tilnærma null dødelegheit.

Lasteprosessen seier han no er kortare og tok totalt cirka fire timar.

– Fiskehelsa ser me blir betre med denne nye metoden, og resultera i mindre handtering og me slepp å håve fisken ut av tankane, nå kan me sleppe den rett ut i merda, seier han nøgd.

Fokus på smittespreiing

Rune Eriksen, dagleg leiar NRS Troms AS fortel at dei nye fisketankane dei har testa fungerar veldig godt til formålet.

NRS Troms får levert fisk med dei nye fisketankane. Dagleg leiar Rune Eriksen seier han er nøgd med den nye metoden. Foto: NRS.

- Kva er spesielt med desse nye tankane? og kva er fordelane? 

- Dei er gjennomtenkt i utføringa, og kvar tank har eige utstyr for logging av miljøparameter. Tankane er laga slik at dei er enkle og reingjere, og det er eit viktig element med tanke på vårt fokus på smittespreiing mellom anlegga, fortel han.

Eriksen seier denne metoden er betre, nettopp fordi dei unngår ein flytting av rognkjeksen frå bil til tank i båt med desse tankane.

-  Det betyr etter vår mening at transporten blir meir skånsam og mindre stressande for fisken. Eg tykkjer også det er viktig at me som selskap sett pris på underleverandørar som forstår viktigheita av å ivareta fiskevelferda.

Vil unngå omlasting

Petter Aanonsen, dagleg leiar i Rensefisk Holding seier til kyst.no at dotterselskapet Finnmark Rensefisk i Alta også har testa Tveitens nye fisketankar, og tykkjer konseptet med lause tankar er veldig bra.

– Spesielt når avstandane er store og brønnbåt ikkje er aktuelt. Hovudpoenget er å unngå omlasting av levande fisk, er at det reduserar stress, samt minskar dødelegheit ved transport, fortel han.

Les også fleire sakar om selskapet: