Mowi ynskjer å auke settefiksproduksjonen på Fjæra
Settefiskanlegget i Fjæra i Etne kommune opna i 2016. No ynskjer Mowi ei utviding som vil kunne meir enn tredoble kapasiteten. - Anlegget i Fjæra står no framfor ei naudsynt utviding, skriv Arne Herre Staveland, RAS-ansvarlig i Mowi til NVE.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Oppdrettsgiganten Mowi ASA planlegg for det som kan bli meir enn ei tredobling av produksjonen ved det landbaserte settefiskanlegget i Fjæra i Etne kommune. Truleg vil det også gje fleire arbeidsplassar, skriv lokalavisa Grannar.
Dei nye planane kjem fram i brev som Mowi ASA og konsulentselskapet Rådgivande Bilogoar AS har sendt til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). I breva, som Grannar har fått innsyn i hos NVE, går det fram at Mowi ASA planlegg å søkje om ei utviding av produksjonen i Fjæra frå dagens ramme på 1.325 tonn produsert fiskemengd til heile 4.600 tonn produsert fiskemengd i året.
Kommunikasjonssjef Eivind Nævstad-Bolstad fortel i ein e-post til avisa at dei stadfestar at selskapet har starta prosessen med å søke om ei eventuell utviding i Fjæra, men presiserer at det ikkje er tatt noko avgjerd om utbygging, og at det vil gå noko tid før dei kan fortelje om planane.
Større smolt
I ifølgje eit brev som Arne Herre Staveland, som er ansvarleg for RAS-teknologien i Mowi har sendt til NVE, er det mykje som tyder på at ei utviding no står for døra om ikkje altfor lenge.
- Anlegget i Fjæra står no framfor ei naudsynt utviding. Utviklinga i næringa tilseier ein auka etterspurnad av postsmolt eller storsmolt mellom 0,5 og 1 kilo. Mowi planlegg difor å setje opp ei postsmoltavdeling med RAS-teknologi på anleggsområdet for å kunne produsere ein større fisk, skriv han.
Ifølgje brevet vil produksjonsauken skje ved bruk av sjøvatn, med tilsetting av små mengder ferskvatn. Mowi gjer i brevet greie for sitt syn om at bruken av ferskvatn frå Fjæraelva vil liggje godt innanfor rammene dei allereie har i NVE-konsesjonen dei fekk i samband med bygging av anlegget som står i Fjæra i dag. Mowi har dag løyve til å produsere inntil 7,5 millionar fisk årleg målt i individ. Blir dei nye planane ein realitet vil dette talet variere mellom 4,6 og 10,2 millionar fisk, skriv avisa.
Årsaka til at ikkje individtalet blir høgare målt mot eksisterande konsesjonar, er altså at det er snakk om større fisk enn det som blir produsert i Fjæra i dag.
Ber om rask avklaring
I brevet, som er datert 7. september i år, ber Mowi om at NVE gjer ei snarleg vurdering av om selskapet kan gå vidare til Vestland fylkeskommune med søknaden om ei utviding av konsesjonen.
- Vi ynskjer difor raskast mogeleg å få NVE si formelle avklaring på at dette nye tiltaket ikkje utløyser ny behandling etter vassressurslova, skriv RAS-ansvarleg Arne Herre Staveland i brevet.
Kva ei utviding av anlegget vil bety med tanke på behov for fleire tilsette, går ikkje fram av breva. Då Grannar omtalte saka om ei mogeleg utviding i 2017, vart det spekulert i at selskapet si avdeling i Fjæra kunne gi inntil 10 nye faste arbeidsplassar, dette altså i tillegg til dei om lag 15 som jobbar ved anlegget i dag.