Ny Fjord Miljø-sjef er glade for auka etterspurnad. Til venstre Sven Jørgen Strømmen, dagleg leiar Paul Jacob Helgesen og styreleiar Rune Sætren.

Ny dagleg leiar og sterk auke i salet av Strømmenrør

Fjord Miljø kunngjer at dei har tilsett Paul Jacob Helgesen som ny dagleg leiar i selskapet. Dette markerer ei endring i leiinga då gründer Sven Jørgen Strømmen sidan etableringa har hatt rolla som både styreleiar og dagleg leiar.

Publisert Sist oppdatert

Fjord Miljø kunngjer i ei pressemelding at dei har tilsett Paul Jacob Helgesen (46) som ny dagleg leiar i selskapet frå 12. august. 

Dette markerer ei endring i leiinga då gründer Sven Jørgen Strømmen sidan etableringa har hatt rolla som både styreleiar og dagleg leiar.

– Tilsetting av ny dagleg leiar er ein del av strategien i Fjord Miljø for forskingsarbeidet, produktutvikling og sal, seier styreleiar Rune Sætren.

Strømmen er godt nøgd med at Paul Jacob Helgesen no er tilsett som dagleg leiar. 

– Han styrkar laget med sin kompetanse og eigenskapar. Eg er opptatt av å samle riktig kompetanse i bedrifta. Nyleg fekk selskapet på plass eit styre med tre eksterne styremedlemmar. Med ny dagleg leiar er viktige brikker på plass saman med dei dyktige folka vi har i selskapet allereie, seier Strømmen. 

– Naturleg val

Helgesen er utdanna Aquaingeniør frå linja Miljø- og Havbruksteknologi på Høgskolen i Bergen. Han seier til Kyst.no at han har vakse opp med kysten, og på ein gard med bevisst forhald til natur og matproduksjon. 

– Som ein samfunnsengasjert person som både tenkte på verda og utvikling av lokalsamfunna langs kysten vart havbruksnæringa eit naturleg val for utdanninga mi. Eg har jobba med mykje anna enn havbruk også, men heile tida innenfor det marine. 

Fjord Miljø: Frå venstre Ingar Hjelle, Asle Rasmus Seljeseth, Timothy Namwira Muhigwa , Sokrates Vidnes, Paul Jacob Helgesen og Sven Jørgen Strømmen. Sals- og marknadssjef Arild Heggland var ute hos kunde då biletet vart tatt.

Som person og leder beskriv 46-åringen seg som ein ærleg, respektfull og positiv person. 

– Eg håper eg blir opplevd som at eg ser kvar enkelt person og kan bidra til ein god lagfølelse. Fjord Miljø har gjennom sitt utviklingsarbeid opparbeidd svært mykje kunnskap om dei grunnleggjande oppgåvene som oppdrettarane må løyse. Å forstå behovet er grunnleggande, påpeiker han. 

Aukar

Selskapet opplever i år ein markant auke i etterspurnaden av spesielt Strømmenrør, som er Fjord Miljø sitt system for å skifte ut vatn i oppdrettsmerdar i sjø.

Den nye daglege leiaren fortel at eit av hans mål i Fjord Miljø framover er å få ut kunnskap og bidra til at teknologien deira for omstilling til førebyggjande teknologi vert tatt i bruk endå fleire stadar. 

– Så vil det framleis vere behov for fleire innovasjonar for at produksjonsformer av mat i sjø skal skje på fisken og naturen sine premissar. Her vil Fjord Miljø vere ein god samarbeidspartnar med oppdrettarar og andre aktørar i næringa for at vi saman kan lukkast med berekraftig vekst av havbruksnæringa, fortel han.

- Positiv utvikling

Helgesen kjem frå rådgjevingsselskapet Segel som er innleigd prosjektleiing i FoU-prosjektet FJORDTEK i Fjord Miljø. 

– Sidan oppstart av Fjord Miljø, har Segel vore viktig for utviklinga av selskapet. Oppgåvene har vore knytt til prosjektleiing av innovasjonsprosjekt, koordinering og finansiering av FoU-aktivitetar. Vi i Segel er stolte over å ha bidrege til den positive utviklinga sidan oppstarten av selskapet, seier styreleiar i Segel, Synnøve Aabrekk. 

Ho påpeiker at Segel satsar sterkt vidare på den marine næringa og vil styrke bemanninga deira innan dette feltet. 

– I Segel har eg fått arbeide med spennande innovasjonsarbeid i ulike deler av sjømatnæringa dei siste ti åra. I Fjord Miljø ser eg fram til å kunne jobbe endå tettare på aktørane i havbruksnæringa i samarbeidet om å sikre og utvikle arbeidsplassar langs kysten gjennom å levere teknologi for betre fiskevelferd. Det er eit stort behov å leggje om til meir førebygging på fisken sine premissar, seier Helgesen.