Ny sal- og marknadssjef i Fjord Miljø
Fjord Miljø har tilsett Arild Heggeland som ny sal- og marknadssjef i selskapet.
Arild Heggland er tilsett i ei nyoppretta stilling i Fjord Miljø AS som Sal- og Marknadssjef frå 1. Januar 2022, kjem det fram i ei pressemelding.
Han har lang erfaring frå tidleg på 90-talet og fram til i dag med arbeid både innan settefisk og matfisk i tillegg til sertifisering og sal.
Utvidinga av organisasjonen blir gjort som ein del av satsinga som Fjord Miljø AS no startar etter fleire år med uttesting av utstyr for å bidra til eit betre liv for både fisk og oppdrettarar, skriv dei.