Rømming hos Flokenes Fiskefarm
Flokenes Fiskefarm AS melde førre veke om rømming ved lokaliteten Storevik i Førdefjorden i Askvoll kommune.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Selskapet oppdaga hol i nót i samband med ein arbeidsoperasjon 31. mars.
Omfanget av rømminga er førebels ikkje avklart. Flokenes Fiskefarm har fått 25 oppdrettslaksar i gjenfangstgarn etter hendinga. Fisken i den aktuelle merda har ein storleik på om lag 4 kg.
Fiskeridirektoratet følgjer opp saka og vil vurdere tiltak i vassdrag når omfanget av rømminga er klarlagt.
Fiskeridirektoratet ynskjer at publikum melder inn tips om fangst av rømd oppdrettsfisk til deira døgnopne vaktsentral på telefon 55 23 83 36.