Vil sjå på nye løysingar for å unngå rømming
Flokenes Fiskefarm hadde nyleg si fyrste rømming, etter at ein avlusingsoperasjon gav hol i not. - Me har utført slike avlusingsoperasjoner utallige gonger, men vil no prøve alternative metodar for å unngå at slike skadar på kulerekka skal oppstå igjen, fortel driftleiar i selskapet.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Rømmingshendinga skjedde på lokaliteten Dyvika i Sogn og Fjordane onsdag 24. januar. Holet i nota vart funnen dagen etter, under notinspeksjon av dykkarar som då tette holet.
Driftsleiar Magnar Terje Leknes seier til Kyst.no at dei i etterkant av hendinga, har gjort dei tiltaka som kunne gjerast når uhellet fyrst var ute.
- Internt har me gått gjennom rutinane våre for at liknande hendingar ikkje skal skje igjen. Kulerekka var inspisert for skadar og me hadde mykje garn ute ganske kjapt etter me oppdaga rifta i nota.
Må utbetre nota
Selskapet har no fått pålegg av Fiskeridirektoratet om å enten skifte nota, eller ytterlegare utbetra skada på nota før den skal tømmast for fisk. Ein av teoriane til Flokenes Fiskefarm kring årsaka til rømminga trur dei kan vera at nota sat fast i perlebåndet etter avlusing.
- Me har jo utført slike avlusingsoperasjoner utallige gonger, men vil no prøve alternative metodar for å unngå at slike skadar skal oppstå igjen. Me ser på kulerekka om den kan forbetrast slik at not ikkje kan klemmast fast, legg han til.
Oppteljing av laksen i merda, påpeiker han vil skje i løpet av mars når dei skal slakte ut fisken. Leknes har tidlegare opplyst at det stod 63 000, med ei snittvekt på 3 kg laks i merda.
Økonomisk sier han rømminga sannsynlegvis har hatt små konsekvensar for selskapet. Men han påpeiker at dei sjølvsagt ikkje er glade for å ha fått ei rømming på CV-en.
- Eit av dei overordna måla våre har vore null utslepp av laks. Sjølv om dette sannsynlegvis var ei lita rømming har me nok vore litt heldige i at skaden ikkje vart større.
Tre laks gjenfangsta
Leknes opplyser at dei har fanga inn tre laks dei to fyrste dagane, men ikkje noko meir etter det.
- Garna vart tatt opp mandag 5. februar. Me antar at det er snakk om eit fåtal fisk som har rømt ut i frå gjenfangsten, samt at me ikkje har fått meldingar om observasjonar. Foreløpig er me i kategorien 0-1000 fisk, fortel han avslutningsvis.
Selskapet er interesserte i eventuelle observasjonar eller fangst av oppdrettsfisk i nærområdet. Dei kan nåast på telefon 45425911, eller ein kan melda inn rømd fisk til Fiskeridirektoratet på tlf 55 23 83 37/911 03 277.